Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Clemet med svak argumentasjonsføring

 (06.04.2004)

Melding. 06.04.2004. Stortingsmeldinga om grunnopplæringa heng fagleg og logisk dårleg saman, skriv mållagsleiar Endre Brunstad i ein kommentar. Åtaket mot sidemålet er bygt på overraskande svak argumentasjonsføringa frå Utdanningsdepartementet.

St.meld.nr. 30 (2003 - 2004), Kultur for læring, tek i delkapittel 4.6.1 opp "Norsk hovedmål og sidemål" som emne.

1. Framlegga
Delkapitlet inneheld tre framlegg som vil vere dramatiske for nynorsken:

- Ungdomsskuleeksamen i sidemål forsvinn
- Sidemål vert trekkfag på vidaregåande
- Ingen nasjonale prøver vert på sidemål.

2. Konsekvensar av slike framlegg:
a) Statusen til sidemålet vert kraftig degradert
b) Måljamstellinga kjem i reell fare, pga. manglande krav til tame i både nynorsk og bokmål
c) Fare for måljamstellinga vil i praksis seie fare for statusen til nynorsk

3. Korleis argumenterer Clemet i stortingsmeldinga?
Viss vi ser på retorikken i meldinga, er den prega av ein negativitet til nynorsken og sidemålet. Det er fokusering på problem. Resonnementet er ikkje spesielt logisk:

a) Det står i stortingsmeldinga at det finst lite systematisk forsking om sidemål, men at forskinga er delt i synet på om skriftleg sidemålsopplæring styrkjer eller svekkjer opplæringa i hovudmålet. Dette heng ikkje saman. Det finst jo ikkje systematisk forsking om sidemål. Då kan ein ikkje vise til at forskinga er delt i dette synspunktet. Dette er useriøst av Undervisningsdepartementet, ein kan ikkje skrive slik i ei stortingsmelding.

b) Det finst noko internasjonal forsking om tospråkleg opplæring som er mogleg å jamføre med sidemålet. Stortingsmeldinga viser då òg til Europarådet som har laga ein rapport der ein byggjer på slik forsking. Europarådet ser ut frå denne forskinga på sidemålet som ein læringsressurs. I stortingsmeldinga vert derimot denne forskinga avvist med at det ikkje finst forsking om emnet i Noreg. Dinest kjem stortingsmeldinga med motsette konklusjoner. Ulogisk og tendensiøst.

c) Stortingsmeldinga viser til at andrespråkselevar vel norsk som andrespråk pga sidemålet. Underforstått: Sidemålsordninga er med på å gjere norskopplæringa for innvandrarar dårleg. Ein kjem ikkje inn på at sidemålskunnskap er ein kunnskap som er viktig òg for innvandrarar.

d) Presentasjonen av forskinga på språkkløyvde lærebøker (som mellom anna Kjell Lars Berge har utført) er tendensiøs. Stortingsmeldinga går ikkje attom tala i haldningsgranskinga. Sjølv om der var ein negativitet til nynorsk, svara 70% at spørsmålet om målform var lite viktig for dei. Den einaste nyanseringa er at bm-elevar overvurderte lesedugleik i bokmål og undervurderte dugleiken i nynorsken. Denne nyanseringa vert derimot ikkje utdjupa.

e) Det vert vist til negativitet hjå elevar til sidemål. Den negativitet vert brukt som argument mot sidemålet.

f) Stortingsmeldinga meiner det er ‘urettferdig‘ å trekkje hovudmål og sidemål til eksamen. Her er det bokmålsperspektiv som er einrådande. At trekking kjennest urettvist for dei som er markert svakare i sidemålet, er ikkje uventa. Dei tenkjer instrumentelt. Men at eit slikt moment kjem med i stortingsmeldinga, er påfallande. Det indikerer ein identifikasjon med den dominerande språkgruppa i samfunnet, altså bokmålsbrukarane som vi veit kjem dårlegast ut i sidemålet. For elevar med nynorsk som sidemål har dette mindre å seie, for dei er vane med å bruke og meistre begge målformene. Dei med nynorsk som hovudmål må lære begge målformene likevel, medan bokmålselevane med dårlegare eksamenskrav i realiteten vil kunne sleppe med eine. Dette vil også opplevast "urettferdig", og som ei ulempe. Faren er målbyte frå nynorsk til bokmål.

g) Det mest konkrete er det nasjonale senteret for nynorskopplæringa. Her er det plassert ved "Ivar Aasen-senteret" ved "Høgskolen i Volda". Det skal vere "Ivar Aasen-instituttet".

Elles kan det visast til pressemeldinga Noregs Mållag sendte ut, jf. http://www.nm.no//side.cfm/1660/41433

Endre Brunstad
leiar i Noregs Mållag

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no