Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Regjeringa med åtak mot sidemålet

 (31.03.2004)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 31.03.2004. Utdanningsminister Kristin Clemet presenterte i dag hovudpunkt i stortingsmeldinga om grunnopplæringa. Det er no klårt at regjeringa vil kutte sidemålseksamen i ungdomsskulen. I vidaregåande skule skal eit fåtal elevar verte trekte ut til sidemålseksamen. - Regjeringa kjem no med eit alvorleg åtak mot sidemålsordninga, seier Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag.

- Ein kan godt diskutere om avsluttande eksamen er den beste vurderingsforma, held Brunstad fram. Det er likevel noko heilt anna å fjerne eksamen i berre eitt emne, sidemål, og så halde på eksamen i andre emne. Den einaste konsekvensen er at statusen til sidemålet vert endå lågare enn han er i dag. - Dersom eksamen i alle fag skal vekk om nokre år, gir det inga meining å fjerne sidemålseksamen no.

- Regjeringa hadde no ein unik sjanse til å fornye og styrkje statusen til sidemålet ved å la ei av dei nasjonale prøvene vere på sidemål. Det hadde ført til at sidemålet måtte brukast aktivt i andre fag enn norskfaget. Når ingen nasjonale prøver skal vere på sidemål, vert sidemålet parkert i eit hjørne i norskfaget, med lågare status enn i dag.

- Ved Holmlia skole har dei brukt sidemålet, i det tilfellet nynorsk, i andre fag enn norskfaget. Det går for tida føre seg fleire sidemålsforsøk. Regjeringa bør sjå nærmare på desse, og ikkje forhaste seg. Kristin Clemet har sjølv vist til danninga av ei arbeidsgruppe som skal vurdere norskfaget i sin heilskap.

For Noregs Mållag er sidemålsordninga avgjerande for at kunnskapen om både nynorsk og bokmål skal vere allmenn. Dersom kunnskapen ikkje er allmenn, fell grunnlaget for jamstelling mellom målformene bort. Sidan nynorsken er i ein mindretalsposisjon nasjonalt, vil ei devaluering av sidemålsordninga få alvorlege fylgjer for nynorsken.

At Unge Høgre no feirar sidemålsdevalueringa, og seier at neste mål er å fjerne obligatorisk sidemål, illustrerer alvoret.

Noregs Mållag vil gå grundig gjennom stortingsmeldinga når ho kjem på fredag. Mållaget stiller seg positivt til ideen om eit kompetansesenter for nynorskopplæringa, og ser fleire andre positive sider ved meldinga. Det er dessutan viktig å styrkje opplæringa i nynorsk som hovudmål. Desse momenta fortener regjeringa ros for, men dei gir likevel inga orsaking for det alvorlege åtaket mot sidemålet.

- Målrørsla vil no arbeide for eit betre sluttprodukt, og at sidemålet vert styrkt, avsluttar ein kampklar Endre Brunstad.

For meir informasjon, kontakt leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad, telefon 926 60 175.

For bilete: http://www.nm.no//filer/ACFA0D%2Ejpg

Endre Brunstad
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no