Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Eit slag i trynet for lokaldemokratiet

 (31.03.2004)

Pressemelding frå Norsk Målungdom. 31.03.2004. Kommunal- og regionalminister Erna Solberg har lenge gått i bresjen for kommunesamanslåing. Ho hevdar at større og færre kommunar vil gagna Noreg, og seier at særleg kommunar rundt dei store byane bør slå seg saman. Norsk Målungdom meiner at samanslegne kommunar vil svekkja lokaldemokratiet og nynorskbrukarane sine rettar.

Ei undersøkjing utført av Aftenposten syner at 70 % av om lag 400 spurde ordførarar trur lokaldemokratiet vert svekt i større kommunar. Avstanden mellom veljarar og valde, innbyggjarar og avgjerdstakarar vert større.

Nynorskbrukarar har rett til å møta språket sitt i det daglege. Tidlegare røynsler syner at kommunesamanslåingar svekkjer desse rettane. Om ein nynorskkommune vert slegen saman med ein bokmålskommune er det oftast nynorsken som står i fare for å verta skvisa som administrasjonsspråk. Ofte fører kommunesamanslåingar med seg samanslåingar av skular, og nynorsken vert skvisa som opplæringsmål.

Norsk Målungdom vil ikkje stø ei svekkjing av lokaldemokratiet og innbyggjarane sine rettar, og seier nei til å pressa kommunane til å slå seg saman!

Norsk Målungdom
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no