Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vil KrF og Venstre gå til åtak på nynorsken?

 (31.03.2004)

Melding frå Hordaland Mållag. 31.03.04. Hordaland Mållag stiller seg undrande til at tradisjonelt nynorsk-venlege parti som Venstre og KrF no ser ut til å gå inn for å fjerna sidemålet, i praksis nynorsk, for 85 – 90 % av elevane.

Gjennom lekkasjar frå Kristin Clemet har det kome fram at regjeringa vil fjerna obligatorisk eksamen i sidemål. I ungdomsskulen skal det ikkje vera eksamen i sidemål i det heile, i vidaregåande skule skal berre dei som verte trekte ut få eksamen i sidemål.

Ein kan diskutera kor vidt skriftleg obligatorisk eksamen er naudsynt i det heile, og om det er slik kunnskapane til elevane vil verta evaluerte
i framtida, men det er noko heilt anna enn å fjerna eksamen berre i det omstridde sidemålet. Å gjera det vil i praksis innebera eit åtak mot nynorsken, slik òg Rolf Reikvam, komiteleiar for utdanningskomiteen i Stortinget, har sagt det.

Det er lite hjelp i at regjeringa i dag seier at dei framleis ha sidemålsopplæring, når den opplæringa ikkje skal testast. Då vil statusen til sidemålet verta endå lågare enn han er i dag, og det vil i
sin tur få konsekvensar for statusen til nynorsken. Det vil her vera tale om ei fullstendig devaluering av sidemålet, noko som i praksis vil
setja ned statusen til nynorsken.

Hordaland Mållag kan ikkje forstå at KrF og Venstre vil vera med på noko slikt. Det at Unge Høgre alt feirar sigeren burde fortelja KrF og Venstre noko om kva dei er i ferd med å vedta.

Me bed Hordaland KrF og Hordaland Venstre no ta opp saka på nytt. Det vil vera skammeleg om desse partia no skal stå medansvarlege for å byggja ned statusen til nynorsken.

--------------------

Helsing Hordaland Mållag
Hege Myklebust
928 16 136

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no