Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

No vert det mindre sykdom!

 (30.03.2004)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 30.03.04. Endeleg er det klart: Sjukehusa skal fylgje Mållova. Den 18. mars gjorde Kultur- og Kyrkjedepartementet vedtak om at helseføretaka kjem inn under Lov om målbruk i offentleg teneste.

- Det er viktig at staten slår fast at sjukehusa og andre helseføretak skal vere pålagde å fylgje Mållova også etter at helsesektoren har vorte omorganisert. Dette er ein siger for nynorsken, seier Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag.

- Vi har arbeidt for dette lenge, og no slepp folk å verte syke meir, seier ein glad og frisk Endre Brunstad.

- Det nye vedtaket inneber mellom anna at tenestemålet i regionen Helse Vest skal vere på nynorsk. Det vil gjelde Haukeland sjukehus i Bergen, som dekkjer nynorskfylket Hordaland. I regionen Helse Midt-Noreg er tenestemålet nøytralt, medan det i andre regionar er bokmål. I brevbyte skal alle få svar på den målforma dei bruker. I vedtaket heiter det vidare at dei føretaka som kallar seg «sykehus», òg må ha nemninga «sjukehus», seier Turid Thune, leiar i Medisinsk Mållag.

- Mange har reagert på å skulle liggje på sykehus, seier Brunstad. - No kan dei verte friske på eit sjukehus.

For meir informasjon:
Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag, telefon 92 66 01 75
Turid Thune, leiar i Medisinsk Mållag, telefon 97 52 58 63

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no