Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mållova gjeld også for helseføretaka

 (30.03.2004)

Melding. 30.03.03. Endeleg er det klart! Det Noregs Mållag og Kulturdepartementet har meint lenge. Den 18. mars 2004 gjorde Kultur- og kyrkjedepartementet vedtak om at <a href="http://www.lovdata.no/ltavd1/lt2004/t2004-1-05-6.html">helseføretaka kjem inn under lov om målbruk i offentleg teneste</a>.

<a href="http://www.sprakrad.no">Norsk språkråd</a> har laga denne oppsumeringa av vedtaket. Dette er henta frå <a href="http://www.sprakrad.no">heimesidene til Norsk språkråd </a>

Vedtaket får mellom anna konsekvensar for:
* tenestemål og informasjonstilfang
* namn på helseføretaka
* korrespondanse

Tenestemål og informasjonstilfang
Når det gjeld tenestemål, gjeld dette for dei regionale helseføretaka (RHF):

* Helse Nord – bokmål
* Helse Sør – bokmål
* Helse Aust – bokmål
* Helse Vest – nynorsk
* Helse Midt-Noreg – nøytralt

Informasjonstilfang frå helseføretak skal med nokre unntak vera på tenestemålet til helseføreteket. Er helseføretaket språkleg nøytralt, skal det veksla mellom bokmål og nynorsk. Reglane finst i mållova § 8 andre ledd.

Namn
Når det gjeld namn, skal statsorgan ha både ei bokmåls- og ei nynorskform dersom det ikkje høver med den same namneforma. Det er fastsett i forskrifter om målbruk i offentleg teneste § 4. Kultur- og kyrkjedepartementet har i samråd med Norsk språkråd ansvar for å sjå til at namneformene følgjer gjeldande rettskriving (læreboknormalen).

Dersom ein ønskjer å bruka forma «sykehus» som del av namnet, må helseføretaket, og også eit bestemt sjukehus som ikkje er eige helseføretak, i tillegg ha eit nynorsknamn med forma «sjukehus». Dette gjeld alle statlege organ og føretak som kjem inn under mållova, uavhengig av om dei er regionale eller sentrale statsorgan, og uavhengig av om vedkomande regionale organ har tenestemål eller ikkje.

Forma «sjukehus» kan brukast både på bokmål og nynorsk. Ved å nytta denne forma også som bokmålsform kan ein unngå dobbeltnamn, om det er det ein ønskjer.

Korreponsanse
Helseføretaka skal etter mållova § 6 første ledd svara på brev og førespurnader frå enkeltpersonar og andre private rettssubjekt i den målforma vedkomande sjølv nyttar.

I korrespondanse med kommunar og fylkeskommunar skal dei følgja <a href="http://www.lovdata.no/for/sf/kk/kk-20020402-0340.html">dei kommunale og fylkeskommunale målvedtaka</a>.

Meir informasjon:
* Helseføretaka og mållova – praktiske konsekvensar
* Lov om målbruk i offentleg teneste
27. mars 2004.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no