Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målprisen for 2003 til Kjell Bitustøyl

 (29.03.2004)

Melding. 29.03.04. Telemark Mållag sin Målpris for 2003 gjekk i år til Kjell Bitustøyl frå Bø. Prisen er eit tresnitt av Terje Grøstad «Vinterfjell» med motiv av Gaustatoppen og vart utdela i samband med Telemark Mållag sitt årsmøte i midten av mars.

I grunngjeving frå Telemark Mållag står det mellom anna: Telemark Mållag har gjeve Målprisen til Kjell Bitustøyl for hans mangeårige arbeid som kulturformidlar gjennom Telemarksfestivalen, dei siste åra som ein høgt profilert styreleiar. Og som mangeårig redaktør av Spelemannsbladet.
Leiar i Telemark Mållag, Ragnar Lurås, la vekt på fleire sider ved Kjell Bitustøl, då han overrekte prisen på kulturkvelden til Bø Mållag i samband med årsmøtet i Telemark Mållag.

– Kjell Bitustøyl har vore ein uredd og engasjert forsvarar av Telemarksfestivalen. Han har fått både Kronprinsesse Märtha, tidlegare statsminister Kåre Willoch og SOS Rasisme til å tale varmt for den norske kulturarven og nynorsken, sa Ragnar Lurås. Og Kjell Bitustøyl har sørga for å sette Bø og Telemark på kartet som eit kulturfylke. Og er sterkt medansvarleg for at Telemarksfestivalen uttrykker seg på nynorsk i alt dei gjev ut, både i pressemeldingar, programinformasjon og på Internett.

– Dette var uventa. Eg har alltid forsvara nynorsken, og Målprisen gjev ein veldig inspirasjon. Eg meiner nynorsken og folkemusikken er to minoritetskulturar som treng kvarandre. For meg er nynorsk knytt til identitet, og min måte å uttrykke tankar og kjensler på, sa Kjell Bitustøyl då han tok i mot Målprisen for 2004.

Kjell Bitustøyl har vore engasjert i Telemarksfestivalen sidan starten gjennom dugnadsarbeid. Han har vore dagleg leiar i deltidsstilling. Frå 1998 har han vore med i styret, og har sidan 1999 vore styreleiar til han gjekk ut av styret på årsmøtet i 2004. I Spelemannsbladet har han vore redaktør sidan 1997, og er no redaktør på åttande året. Også her uttrykker han seg på eit levande og godt nynorsk om norsk folkemusikk.



Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no