Stor nynorsksiger for elevane!
(29.03.2004)
Pressemelding. 29.03.04. Regjeringa vil endeleg fjerne unntaket i opplæringslova, som har ført til at elevane berre har hatt tilgang på programvare på bokmål.
– Dette har både Noregs Mållag og Norsk Målungdom arbeidd for i lang tid. Og meir enn 35 000 elevar i vidaregåande skule har demonstert for retten til å få alle læremiddel på nynorsk, seier Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag.
I fylgje heimesidene til Høgre har regjeringa kome fram til at unnataket i opplæringslova for administrativ programvare skal fjernast. Endeleg har nynorskelevane rett på slik programvare på eiga målform!
– Dette er kanskje det største framsteget for rettane til nynorskelevar sidan syttitalet, seier Sigbjørn Hjelmbrekke, leiar i Norsk Målungdom.
– Me er særs glade for at regjeringa vil fjerne unnataket i lova. No må skulane tilby dei mest brukte dataprogramma i skulen både på nynorsk og bokmål. Det er ein grunnleggjande rett for elevane å få alle læremiddel på sitt eige språk, seier Endre Brunstad.
No er både OpenOffice og Microsoft Office 2003 tilgjengeleg på både nynorsk og bokmål. Det tyder at alle dei mest brukte skrive-, rekne-, database- og presentasjonsprogramma er å finne på nynorsk Lovendringa er naudsynt for å sikra at framtidige utgåver av desse programma kjem på nynorsk.
Noregs Mållag har arbeidd med denne saka siste åra. Litt av kva mållaget har meint og gjort kan du finne <a href="http://www.nm.no/maalsaker_side.cfm/4794/31464">under samlesida for informasjonsteknologi</a>
For fleire kommentarar: Sigbjørn Hjelmbrekke, leiar i Norsk Målungdom, telefon 950 68 557 (m) Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag, telefon 55 58 83 99 (a) 926 60 175 (m) Unn Fyllingsnes, ungdomsskrivar i Noregs Mållag, telefon 22 47 71 16
|
|