Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Merkeleg sidemålsutspel frå Clemet!

 (26.03.2004)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 26.03.04. Utdanningsminister Kristin Clemet har gått ut i Aftenposten i dag og seier at ho mellom anna vil fjerne eksamen i sidemål i ungdomsskulen.

- Førebels veit Noregs Mållag for lite om framlegget i sin heilskap, men ut frå det vi veit, er vi svært skeptiske, seier Endre Brunstad, leiar i Noregs
Mållag.

- Noregs Mållag er oppteken av at sidemålsundervisninga skal styrkjast. Vi trur at avsluttande eksamen er ein viktig del av eit skriftleg fag. Det er ingen samanheng mellom ynsket om å styrkje nynorsken i skulen og samfunnet og
framlegget om å fjerne eksamen i nynorsk i ungdomsskulen, seier Endre Brunstad.

Noregs Mållag er glad for at statsråden ynskjer utvikling av nynorskundervisninga i skulen.

- Tida er overmogen for utprøving av nye undervisningsmetodar og ikkje minst meir bruk av sidemålet i all undervisning, også utanfor norskfaget. Dette kan sjølvsagt gjerast utan å fjerne obligatorisk eksamen i faget, seier Endre Brunstad.

Noregs Mållag meiner det er viktig med ein nyansert og god dialog om norskfaget slik statsråden inviterer til. Vi er skuffa over at statsråden så langt ikkje har villa samtale om norskfaget med Noregs Mållag direkte, men i staden har valt å køyre to lekkasjar til pressa.

For meir informasjon, kontakt:
Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag, 926 60 175 (m)
Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag, 22 47 71 11 (a), 95 78 55 60 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no