Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Organisasjonskultur

 (19.03.2004)

Melding. 16.03.04. Det har gjennom nokre fraksjonsnotat frå leiarstriden i 1999 kome eit fokus på organisasjonskulturen i Noregs Mållag. Det aller viktigaste Noregs Mållag kan gjere, er å halde fram arbeidet med å framelske samværsmåtar og arbeidsmåtar som er mest mogleg inkluderande. Samstundes kjem trongen for historisk innsikt.

Vi er inne i ein periode prega av viktige språkpolitiske slag, og for Noregs Mållag er det travle dagar. Samstundes har der kome eit fokus på organisasjonskulturen i Mållaget.

Mitt utgangspunkt er at Noregs Mållag skal vere ope for mange ulike personar og synsmåtar, og dei skal møte kvarandre med gjensidig respekt
og tillit. Den gjensidige tilliten var tydelegvis ikkje til stades ved leiarvalet i 1999. Det er i og for seg gamalt nytt, men vert illustrert på ein ubehageleg måte gjennom nokre interne fraksjonsnotat frå 1999 (jf. oppslag i Dag og Tid 6. mars 2004). Styret i Noregs Mållag har drøfta notata, og tek avstand frå den aksjonsmåten som vert skildra der.

Eg trur at røynslene frå siste halvdelen av 1990-talet er viktige. Korleis skal vi så lære av desse røynslene?

Det aller viktigaste Noregs Mållag kan gjere, er å halde fram arbeidet med å framelske samværsmåtar og arbeidsmåtar som er mest mogleg inkluderande. Her trur eg det faktisk har skjedd mykje positivt i perioden etter 1999. Men Mållaget kan og skal verte betre, ikkje minst må Mållaget verte meir engasjerande. Organisasjonsbygging og målpolitisk nytenking er såleis viktige oppgåver.

Samstundes kjem trongen for meir historisk innsikt. På landsmøtet i april 2004 skal styret i Noregs Mållag leggje fram analysar av den rolla Norsk Målungdom har spela i høve til Mållaget, særleg i samband med landsmøta i 1997 og 1999. Notata som no ligg føre, vil gå inn i den analysen. Kva som elles bør gjerast av historiske djupdykk, er enno for tidleg å seie. Sjølv er eg av den oppfatninga at dei beste til å gjere historiske granskingar, er historikarane, og det går for tida føre seg eit forskingsprosjekt ("Det opne språket" ved Høgskulen i Volda) der ein historikar arbeider med denne perioden i norsk målreisingsoge. Eg ser samstundes trongen for at Mållaget sjølv systematiserer ein del røynsler, t.d. ved å arrangere eit seminar som tek opp organisasjonskultur og målpolitiske lineval i målrørsla på 1980- og 1990-talet. Her må det i så fall grundig førearbeid til.

Til slutt eit hjartesukk: Styret i Noregs Mållag har brukt mykje tid på saka om medlemsfusk i Norsk Målungdom. Når det så no har dukka opp endå
ei intern sak frå slutten av 1990-talet, stiller ein seg spørsmålet: Er der meir i vente? Vil det om eit halvt år dukke opp nok ei historisk sak som styret skal bruke tida si på? Det seier seg sjølv at det er uhaldbart å drive målarbeid under slike tilhøve. Difor må dei som sit inne med annan relevant informasjon som er verd å få fram, og som dei tenkjer på å offentleggjere, kome med det dei har. Det er på den måten vi kan kome oss vidare. No er det viktig at alle som er opptekne av å vidareutvikle Noregs Mållag, òg engasjerer seg i Mållaget og i dei mange målsakene som går føre seg i 2004.

Endre Brunstad
leiar i Noregs Mållag

Endre Brunstad
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no