Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vi vil ha obligatorisk sidemål

 (15.03.2004)

Melding. 15.03.04. Dersom sidemålet blir gjort valfritt i skulen, er det berre eit tidsspørsmål før nynorsk er utradert som skriftspråk, skriv Harald H. Rise, ansvarleg redaktør i <a href ="http://www.smp.no/artikkel.asp?page=1024&item=52201">Sunnmørsposten</a>. Meir om <a href="http://www.nm.no/maalsaker_side.cfm/4219/41318">striden om sidemål</a>.

«Ei slik utvikling vil vere ille for den norske språkkulturen. Om nynorsk forsvinn som skriftspråk, vil det berre eksistere som eit historisk fenomen. For nynorsk er per definisjon eit skriftspråk. Det er ingen i Norge som snakkar nynorsk, om vi ser bort frå den normaliserte nynorskbruken som blir nytta i NRK.
Nynorsk er eit samlande skriftspråk for ei lang rekkje norske dialektar, eit skriftspråk som ligg nærare talemålet enn det bokmål gjer. Eit godt gamalt slagord lyder då også: «Tal dialekt. Skriv nynorsk.»
I eit hemmeleg regjeringsnotat skal utdanningsminister Kristin Clemet ha foreslått å fjerne sidemål som skriftleg eksamensfag og dermed også den skriftlege undervisninga. For det store fleirtalet i Norge, rundt 80 prosent, er nynorsk sidemål. Om framlegget blir vedteke, vil dei blant anna sleppe å skrive nynorsk stil i grunnskulen og den vidaregåande skulen.

Utbreidd misnøye
Framlegget blir neppe vedteke. Framleis er det for kontroversielt. Men misnøya blant mange elevar set nynorsken under stadig tøffare press, og det er god grunn til å tru at det blir opna for ei forsøksordning i Oslo allereie frå hausten. Då kan alle elevar i dei vidaregåande skulane i Oslo få høve til å velje vekk skriftleg nynorsk. Lokallaga både i Høgre, Framstegspartiet og Arbeidarpartiet har gått inn for dette i hovudstaden.
Misnøya blant mange elevar tvingar fram ein grunnleggande debatt om sidemålet si stilling, og i særleg grad nynorsken si stilling. Den debatten må alle partar vere villege til å ta. Ja, målrørsla bør til og med sjå på dette som ein unik sjanse til å få søkelys på kvaliteten i undervisninga i nynorsk.
Fersk meiningsmåling
Ei fersk meiningsmåling som Opinion har gjennomført for Sunnmørsposten, viser klart at folket på Nordvestlandet sluttar opp om sidemål. På spørsmål om det bør vere obligatorisk sidemålsundervisning i den vidaregåande skulen, svarar meir enn 60 prosent at både skriftleg og munnleg bør vere obligatorisk. Undersøkinga er gjennomført på Sunnmøre, og det er berre 23 prosent som meiner at undervisninga ikkje bør vere obligatorisk.

Sterkast blant kvinner
Oppslutnaden om sidemålsundervisninga er klart større blant kvinner (68 prosent) enn menn (54 prosent). Det er forholdsvis små skilnader etter alder, og også blant dei under 30 år er det 60 prosent som vil ha obligatorisk både skriftleg og munnleg.
Ser vi på geografiske skilnader, er motstanden mot sidemål størst i Ålesund, men også her er det 52 prosent som vil ha både skriftleg og munnleg obligatorisk. Størst oppslutnad om obligatorisk sidemål er det i Ørsta og Volda med 73 prosent, medan resten av Sunnmøre ligg på snittet for regionen med vel 60 prosent. I Ørsta og Volda er det 10 prosent som ikkje vil ha obligatorisk sidemålsundervisning. På resten av Sunnmøre utanom Ålesund er det rundt 20 prosent som seier nei.

Styrke norskfaget
Blant argumenta som blir brukte for å gjere skriftleg sidemål valfritt, er den store misnøya blant bokmålsungdomar det dominerande. Ved å fjerne nynorsk frå skriftleg eksamen og undervisning, vil dei ikkje berre styrke norskfaget, men også styrke nynorsken sin posisjon. Ved å fokusere på nynorsk historie og kultur gjennom til dømes litteratur, skal ungdomane bli flinkare og nynorsken meir populær.

Taktiske val
I denne debatten er det viktig å få fram kva som kan gå tapt ved eit slikt val. For det første er det naivt å tru at nynorsken vil overleve som skriftspråk om obligatorisk sidemål fell bort. Det er grunn til å tru at mange av dei som i dag vel nynorsk som hovudmål, vil kjenne seg «tvinga» til å velje bokmål dersom dette er einaste måten å få skriftleg undervisning på. For mange kan det bli eit «taktisk» val, ettersom bokmål trass alt er dominerande i dei fleste samanhengar.

Sjå på undervisninga
Vidare kan eit forholdsvis ordfattig norsk språk få eit endå dårlegare ordforråd. Dei fargerike dialektane vil bli endå meir utvatna og normaliserte, og med det vil ord og uttrykk gå tapt.
Elles er det ingen grunn til å tru at elevane skal bli flinkare i norsk ved å stille lågare krav til dei. I staden bør det fokuserast meir på haldningsskapande arbeid blant mange lærarar, og både undervisninga og eksamensformene kan vurderast og fornyast.

Styrke ved å velje vekk
Det aller dårlegaste argumentet mot sidemål er at forholdet til nynorsk skal bli styrka om elevane får velje det vekk. Det er omtrent som å seie at vi må droppe matematikk slik at elevane som ikkje meistrar det, skal få eit betre forhold til faget. Eventuelt at vi skal styrke elevane sitt forhold til kroppsøving ved å slutte med fysisk aktivitet. For det er så mange som ikkje likar å jogge og sveitte.
Nok ein gong er det grunn til å sjå på undervisninga og haldningsskapande arbeid. Vi må sette fokus på dei verdiane det representerer å ha eit levande skriftspråk som ligg nær opp til det store fleirtalet av dialektar. Å forstå og meistre dette kan styrke identiteten til norske ungdomar, og det kan styrke overlevingskrafta til det norske språket. Skal vi oppnå dette, må nynorsken vere i aktiv bruk, og vi må arbeide hardt for å få redusert den store misnøya som mange ungdomar rettar mot nynorsken i dag.

Ja til sidemål: Denne tabellen viser dei mest sentrale resultata i Sunnmørsposten si meiningsmåling på Sunnmøre om haldninga til sidemål i skulen. Spørsmålet som Opinion stilte til eit representativt utval på 600 personar, står over tabellen. Tala i prosent er fordelte på dei fire svaralternativa. Det totale resultatet er vist i kolonnen lengst til høgre, medan det elles er fordelt etter kjønn og geografi. I alt 61 prosent vil ha obligatorisk undervisning i både skriftleg og munnleg sidemål, og oppslutnaden er størst blant kvinner og i Ørsta/Volda.
- Det aller dårlegaste argumentet mot sidemål er at forholdet til nynorsk skal bli styrka om elevane får velje det vekk.»

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no