Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kampen mot nynorsken

 (11.03.2004)

Melding. 11.03.04. Fylkestingsrepresentant Sunniva Flagstad Ihle (H) vil ha bort sidemålet i den vidaregåande skulen. Høgre i Oppland diltar etter i spora etter hovudstads-Høgre, i eit åtak på ein viktig del av norsk kultur, skriv <a href="http://www.gd.no/vis_sak.asp?refnum=11268">Gudbrandsdølen Dagningen</a>.





«Når det i argumentasjonen også blir forsøkt framstilt som om dette også er ei styrking av nynorsken, ligg det i dette at nynorskbrukarar ikkje veit kva som tener det minste av skriftspråka våre.

* Initiativet frå Sunniva Flagstad Ihle er ikkje spesielt. Oslo kommune har som skuleeigar tatt det steget som representanten Ihle mener at Oppland fylkeskommune burde ta. I hovedstaden har Flagstad Ihle sine partikolleger argumentert på same måten. Når argumentet om at dette også er å styrke nynorsken blir servert, er svaret frå nynorskbrukarane unisont: Denne forma for omsorg greier nynorsken seg mykje betre utan.

* Det er hevda at obligatorisk skriftleg nynorsk i skulen er
ei tragedie, både for elevane og for nynorsken. Det vil skape negative kjensler, og er på den måten eit trugsmål mot skriftspråket.
Vi veit at nynorsken framleis spelar ei viktig rolle i
dette distriktet. Vi ser at ein del unge vel bort nynorsken, men dette handlar meir om at nynorsken er skvisa på stadig fleire områder.

* Vi har to likeverdige skriftspråk i dette landet. Den debatten Høgre i hovudstaden og i Oppland køyrer, er eit fyrste steg på eit spor som vil gjera ende på denne jamstillinga. Vi vil sjå færre nynorskbrukarar, vi vil sjå ei utvatning av krava om bruk av båe skriftspråka i offentleg forvaltning, og ein viktig del av kulturarven går tapt.

* Dette er den lange og smertefulle måten å kvitte seg med nynorsken på. Medfølgande kjærleikserklæringer til nynorsk litteratur og scenekunst er eit forsøk på påføre saka eit kosmetisk ytre som gjer det enklare å få gjennomslag. Høgre vil gjera nynorsken til museumsvare. Fylkesordførar Audun Tron ordlegg seg på ein måte som kan tyde på at han kan gå saman med Høgre i denne saka. Det er skuffande.»

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no