Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Styrk sidemålet!

 (09.03.2004)

Lesarbrev frå Noregs Mållag. 09.03.04. Sidemålsdebatten det siste halvåret har vist at nynorsken har mange gode vener. Der har vore eit sterkt engasjement gjennom avisinnlegg, radiodebattar og møteverksemd. Men ikkje berre nynorskfolket har engasjert seg. Blant dei 3000 underskrivarane av eit kultur-opprop for sidemål finn vi mange framståande bokmålsforfattarar.

No er der mykje ved sidemålsopplæringa som kan og bør gjerast betre. Samstundes finst der sidemålsopplegg som viser seg å fungere svært bra. Eitt døme på det finn vi ved Holmlia skole der ein bruker sidemålet aktivt i KRL-faget. På Holmlia er der mange framandspråklege elevar, og dei lærer tydelegvis sidemålet like bra som norskspråklege elevar. Forsøket på Holmlia, som er initiert av Noregs Mållag, viser òg at meir sidemålsundervisning er med på å føre til betre haldningar til nynorsk.

I denne samanhengen er det trist at Høgre dei siste åra har gjort kamp mot obligatorisk sidemålsopplæring til ei symbolsak. Alt under valkampen i fjor kunne VG melde at «Glad Lae vil fjerne nynorsk». Byråd for utdanning og kultur i Oslo, Torger Ødegaard, kom seinare med framlegg om fritak for sidemål ved alle vidaregåande skular i hovudstaden. Den siste tida har det kome lekkasjer som tyder på at utdanningsminister Kristin Clemet vil fjerne sidemålet.

Høgre har tala fint om kunnskap og kvalitet i skulen, og det er bra. Men ein får ikkje meir kunnskap i norsk språk ved å fjerne sidemålet – ein får mindre. Kvaliteten på norskopplæringa vert ikkje betre av å redusere på innhaldet.

No viser det seg at engasjementet for sidemålet vart mykje sterkare enn det Torger Ødegaard og hans folk trudde. Vi ser vidare at dei andre politiske partia (med unntak av FrP) held fast på eit positivt sidemålstandpunkt. Eit tredje moment er at det no ser ut til at bystyret i Oslo vil avvise sidemålsframlegget til byrådet.

I bystyret i Oslo veit vi at mellompartia, SV og RV er gode sidemålstilhengjarar. Arbeidarpartiet sentralt har eit solid sidemålstandpunkt, medan oslopartiet har kome med uklåre signal. For å få ei breiare politisk handsaming, tok Oslo Arbeidarparti like godt opp sidemålsaka på årsmøtet sitt 5.–6. mars. Det årsmøtet gjorde, var å gå imot framlegget frå byrådet om einsidig sidemålsfritak. I staden ville årsmøtet ha forsøk og utviklingsarbeid som kan styrkje sidemålet og gjere undervisninga meir spanande. Rett nok har årsmøtevedtaket ein passus om moglege forsøk med fritaksordningar. Det er i så fall noko nynorskverda vil åtvare kraftig imot. Vi ser samstundes at fritak er nemnt blant fleire andre moglege tiltak, dvs. at der slett ikkje ligg noko krav om det. Vi må såleis gå ut frå at Oslo Arbeidarparti no viser kulturpolitisk ansvar, og meiner alvor når ein seier at ein vil styrkje sidemålet. På same måten må vi forvente at Oslo Arbeidarparti søkjer samarbeid med politiske parti som òg vil vere med på å styrkje sidemålet. Oslo SV har i så måte vore solide denne gongen.

Spørsmålet om sidemål er i siste instans eit kulturpolitisk spørsmål. Det handlar om viktig nasjonal allmennkunnskap og om at nynorsk og bokmål skal vere jamstelte språk. I så måte handlar sidemålsaka om å sjå på heile den norske språkstoda som ein ressurs. Difor er det no naudsynt med ei styrking av den aktive opplæringa i båe skriftmåla.

Endre Brunstad
Leiar i Noregs Mållag

------------------------------------------
Bilete av Endre Brunstad ligg på <a href="http://www.nm.no/organisasjonen.cfm/1634/9413">her</a>

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no