Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Oslo AP vil styrkje sidemålet

 (09.03.2004)

Melding. 09.03.04. På årsmøtet sitt 5.-6. mars vedtok Oslo Arbeidarparti ei fråsegn som gjekk imot framlegget frå Høgre-byrådet om å fjerne obligatorisk sidemål. Årsmøtet ville i staden ha forsøk og utviklingsarbeid som kan styrkje sidemålet. No vert det interessant å sjå korleis bystyregruppa handterer saka.

I bystyret i Oslo står Arbeidarpartiet i ein vippeposisjon når det gjeld spørsmålet om sidemål. Medan Høgre har gjort motstand mot sidemål til ei fanesak, og vil gjere sidemålet valfritt ved alle vidaregåande skular i Oslo, har mellompartia og venstresida vore like klåre på at sidemålet skal vere obligatorisk.

Arbeidarpartiet sentralt har eit solid syn på obligatorisk sidemålsundervisning. I oslopartiet har der vore eit meir uklårt syn. For å få ei solid politisk handsaming av sidemålspørsmålet, fekk difor årsmøtet i Oslo Arbeidarparti 5.–6. mars høve til å seie si meining.

Årsmøtet gjekk imot framlegget frå høgrebyrådet om einsidig fritak frå sidemål. Dinest ynskte årsmøtet meir kunnskap om effekten av sidemålsundervisninga, og etterlyste forskingsbaserte forsøk for å gjere sidemålsundervisninga betre og meir spennande. Årsmøtet har gitt bystyregruppa mandat til å utforme eit vedtak.

I årsmøtevedtaket vert det nemnt at ein kan nytte avgrensa fritaksordningar som del av forsøket. Det er noko Noregs Mållag vil åtvare sterkt imot. Vi ser samstundes at spørsmålet om fritak berre er nemnt som ei av fleire moglege løysingar, og at det slett ikkje ligg noko krav om fritak i årsmøtevedtaket. Noregs Mållag går såleis ut frå at Oslo Arbeidarparti no viser kulturpolitisk ansvar. Vi går òg ut frå at Oslo Arbeidarparti søkjer samarbeid med andre politiske parti som til liks med Arbeidarpartiet går inn for å styrkje sidemålsundervisninga.

Her er pressemeldinga frå Oslo Arbeidarparti etter årsmøtet:

"Gjør sidemålsundervisningen bedre og mer spennende!

Oslo Arbeiderparti behandlet under sitt årsmøte i helgen spørsmålet om partiet skulle støtte Høyrebyrådets forslag om valgfritt skriftlig sidemål på alle Oslos videregående skoler.

Det har vært knyttet stor interesse til denne saken på forhånd, fordi Arbeiderpartiet er på vippen i saken, og det er sannsynlig at det vedtaket Arbeiderpartiet har gjort vil legge premissene for det vedtaket som skal gjøres i bystyret.

Årsmøtet gikk i mot å støtte Høyrebyrådets ensidige fritaks-forslag, men gikk i stedet enstemmig inn for at det skal gjennomføres forsøks- og utviklingsarbeid for å gjøre dagens sidemålsundervisning bedre.

"Arbeiderpartiet har tradisjon for å fatte vedtak basert på kunnskap. Det foreligger per i dag svært lite forskning som sier noe om hvilken påvirkning undervisningen i sidemål har på hovedmålet. Vi vil derfor at det gjennomføres forsøk som følges tett av anerkjente forskningsmiljøer slik at vi både kan gjøre sidemålsundervisningen bedre og mer spennende for elevene, og kan få et bedre faglig grunnlag for å vurdere hvordan man skal legge opp undervisningen i begge språkformer fremover" sier Nina Bachke, fraksjonsleder i kultur- og utdanningsfraksjonen

Vedtaket åpner for at det skal gjennomføres et forsøk på noen skoler, men oppfølging fra anerkjente forskningsmiljøer, som innbefatter forskjellige måter å undervise i sidemål på. Dette kan inkludere valgfritt skriftlig sidemål, økt vekt på muntlig undervising og litteratur, lærebøker på sidemålet også i andre fag og så videre. Bystyregruppa har fått fullmakt til å konkretisere forslaget nærmere."

Endre Brunstad
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no