Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Flott kulturtilskiping!

 (03.03.2004)

Tysdag 2. mars 2004 var nynorskfolk samla på Det Norske Teatret for å overlevere eit kulturopprop for obligatorisk sidemål.

Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag, overrekte oppropet til byråd Torger Ødegaard. Det var om lag 3 000 som hadde skrive seg under oppropet og Endre Brunstad sa seg godt nøgd med at på nokre korte veker hadde fått samla så mange underskrifter.

Det var Ola E. Bø som var konfransier. Han kunne presentere eit breitt kulturprogram. Ragnar Hovland las sin eigen tekst «Sidemålsmonsteret», medan Britt Bildøen las eigne dikt retta mot byråden. Vigdis Hjorth held eit engasjerande innlegg for språkleg fridom og respekt for kvarandre, og Kjetil Brottveit las opp nokre utdrag frå brevveksing frå oppveksten i Valle i Setesdal.

Duo Dall med Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad opna og avslutta markeringa. Dessutan stilte elevane Ida Ylvisaker og Ingrid Davidsen frå Målungdomen i Oslo (MiO) opp og song ein song dei hadde dikta sjølv.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no