Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Brei støtte for sidemål!

 (02.03.2004)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 02.03.04. Det er brei støtte til sidemål i Oslo. På ei markering på Det Norske Teatret mottok utdanningsbyråd Torger Ødegaard om lag 3 000 underskrifter for obligatorisk sidemål i Osloskulen.

Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag, overrekte oppropet og underskriftene til Høgrebyråden. Han la vekt på at underskrivarane av oppropet ser den norske språksituasjonen er ein kulturell ressurs.

– Vi ser på framlegget om å fjerne obligatorisk sidemålsopplæring som eit åtak på nynorsken. Sidemålsframlegget er dessutan med på å undergrave Oslo som hovudstad og Oslo som kulturby, sa Endre Brunstad, under overrekkinga av oppropet.

I samband med utdelinga av oppropet deltok mellom anna forfattarane Ragnar Hovland og Vigdis Hjorth, som gav sin støtte til oppropet. Høgrebyråden ønskjer å gjere obligatorisk sidemål om til valfritt sidemål i Oslo-skulen. Framlegget har møtt stor motstand frå mange hald. Saka er venta å kome opp i bystyret i april og utfallet er langt frå avgjort.

Oppropet som ligg her: www.nynorsk.no/sidemal

For meir informasjon kontakt:
Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag, 926 60 175 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no