Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Set i verk positive forsøk i sidemålsundervisninga

 (02.03.2004)

Melding. 02.03.04. Nordmøre Mållag har vedteke ei fråsegn der dei oppmodar kommunane på Nordmøre og gjere sidemålsundervisninga betre.

Kvart år fortel avisene om «motstand mot sidemålet» mellom skuleelevar, men sjeldan fortel avisene om grunnlaget for denne motstanden. Elevane reagerer mot at dei må ta eksamen og få karakter i ei målform dei knappast får undervisning i. Somme prøver å framstille sidemålsundervisninga som eit problem for norskopplæringa generelt: Sidemålet tek mykje tid frå hovudmålsundervisninga. Elevane seier det motsette: Dei brukar svært lite tid til sidemålsundervisning i det heile, og den vesle undervisninga dei får er oftast dårleg. I denne stoda prøver motstandarane av nynorsken å fremje ei enkel løysing: Bort med sidemålsundervisninga i skulen.

Nordmøre Mållag oppmodar kommunane og skulane til å tenkje nytt i sidemålssaka. Det skal lite til for å gjere undervisninga betre og dermed skape grunnlag for positive haldningar og lærelyst.

I Åndalsnes har kommunen gjennomført eit positivt forsøk i sidemålsundervisninga. Elevane på Åndalsnes ungdomsskole brukar sidemålet, det vil seie nynorsk, aktivt i andre fag enn norsk. Føremålet er å sjå om auka bruk av nynorsk fører til at elevane blir dyktigare i nynorsk og meir positive til sidemålsopplæring. Kommunen oppsummerer sjølv forsøket som svært vellukka.

Same forsøket har vore prøvt i seks andre kommunar i landet, frå Tromsø i nord til Oslo i sør. Alle stader oppsummerer dei likt: Dette er ein svært enkel og vellukka måte å gjere elevane fagleg flinkare og meir språkmedvitne. Alle stader har dei negative haldningane elevane har mot nynorsk vorte borte. Forsøka blir gjennomførde i samarbeid med høgskular og universitet.

Det krevst svært lite for å setje i gang slike forsøk og Nordmøre Mållag oppmodar kommunane og skulane på Nordmøre å gjere like eins.

Fråsegn frå Nordmøre Mållag, 28. februar 2004

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no