Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Overrekking av sidemålsopprop!

 (01.03.2004)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 01.03.04. Det er brei støtte til sidemål i Oslo! I morgon, tysdag 2. mars klokka 16.00, blir det ei markering for nynorsken i Oslo. Utdanningsbyråd Torger Ødegaard kjem til Det Norske Teatret for å ta imot tusenvis av underskrifter for obligatorisk sidemål.

Høgrebyråden ønskjer å gjere obligatorisk sidemål om til valfritt sidemål i Oslo-skulen. Framlegget har møtt stor motstand frå mange hald. Saka er venta å kome opp i bystyret i april og utfallet er langt frå avgjort.

– Oppropet viser at dei viktigaste delane av fagmiljøet i norsk språkvitskap sluttar opp om ordninga med obligatorisk sidemål, seier Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag. Ei rad kjende forfattarar, kulturarbeidarar, politikarar og akademikarar stør òg oppropet – bokmålsbrukarar som nynorskbrukarar. Sjå oppropet som ligg her: www.nynorsk.no/sidemal

- Vi er svært glade for støtta til sidemålet, seier Endre Brunstad.

Overrekking av opprop:
Dato: Tysdag 2. mars 2004
Tid: Klokka 16.00 til 16.30
Stad: Det Norske Teatret

Desse kjem med på Det Norske Teatret: Forfattarane Ragnar Hovland, Vigdis
Hjorth, Britt Bildøen og Kjetil Brottveit. Musikk ved Duo Dall. Elevar frå Målungdomen i Oslo skal underhalde og Ola E. Bø vil vere konferansier. Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag, vil overrekkje oppropet med alle underskriftene til byråd Torger Ødegaard.

For meir informasjon kontakt:
Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag, 926 60 175 (m)
Hege Lothe, informasjonskonsulent, telefon 926 48 348 (m)




Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no