Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sparebanken Vest fekk pris

 (26.02.2004)

Melding. 26.02.04. Kundane i Sparebanken Vest kan få både kontoutskrifter og låneinformasjon på nynorsk. No har banken fått målprisen frå Hordaland Mållag for den sterke nynorskbruken sin.

Mållaget la også vekt på Sparebanken Vest sitt engasjement i utviklinga av ein vestlandsregion då målprisen vart delt ut på Hordaland Mållag sitt årsmøte i Norheimsund.

Det var viseadministrerande direktør Elin Sjødin Drange som tok mot prisen på vegne av Sparebanken Vest. I takketalen sin la ho vekt på at banken også etter omorganiseringa til sjølvstendig regionbank står fast ved å tilby nynorsk-materiell til dei kundane og filialane som ynskjer det.

Leiar i Hordaland Mållag, Øystein Skjæveland, delte ut prisen frå Hordaland Mållag. Nedanfor fylgjer talen hans ved utdelinga:

«Hordaland Mållag deler kvart år ut ein målpris til verksemder, organisasjonar eller privatpersonar som på ein særleg måte gjer ein innsats for å ta i bruk og utbreia nynorsk mål. Prisen er både ei påskjøning for det som er gjort og ei oppmoding om framtidig innsats. Målprisen 2004 frå Hordaland er tildelt Sparebanken Vest.

Banken får prisen for å halda oppe eit godt tilbod av skriv og informasjonsmateriell på nynorsk både i bankfilialane og i brev til kundane. Men mållaget vil også gje honnør til arbeidet banken har gjort for å setja ein framtidig vestlandsregion under debatt.

Nynorsken er eit skriftspråk, og skriftspråk er kultur. Skriftspråk er laga. Svært mange skriftspråk er laga ut frå talemålet til ein sentral elite i eit land, gjerne rundt hovudstaden. Slik har målet deira fått status som «betre» og «rettare», medan andre språkformer vert rekna som «feil» eller «mindreverdige». Nynorsken er laga på ein annan måte, nemleg ut frå eit felles mønster i talemål over heile landet, talemål som har røter i ei sams språkhistorie. Dét er ein moderne og demokratisk måte å laga eit skriftspråk på. Slik kan alle norsktalande finna mykje av talemålet sitt i nynorsken, samstundes som ingen kan heva seg over andre ved at det er nett deira mål som har fått status som standard-mål. Nynorsken er for alle.

Ser ein på eit kart over kor Ivar Aasen samla inn språkprøvar, var han meir på Austlandet enn han var vestanfjells. Ut frå alt dette meiner me det er feil å seia at nynorsken er eit vestlandsmål. Men nynorsken har av ulike grunnar likevel fått betre fotfeste på Vestlandet enn mange andre stader. Og me er trass alt glade for det. Det er liten tvil om at i dag er det få ting som kan markera ein vestlandsidentitet betre enn det nynorske skriftmålet. Dette slår også inn over byane. Innanfor forretningslivet ser me at stadig fleire næringsdrivande vågar å trø over den gamle grensa som sa nynorsk på landet, bokmål i byen. Lerum konserves og Drageset Spar er to døme som dei siste åra har gått over til konsekvent nynorskbruk. Utan å tapa på det.

Me vil takka Sparebanken Vest for at dei som ein sjølvstendig regionbank for Vestlandet framleis viser vilje til å gje nynorsken stort rom. Sjølv om det framleis er rom for meir. I samsvar med det som er sagt framanfor ynskjer me også at spørsmål om kultur, språk og identitet får ein stor plass i dei framtidige drøftingane om vestlandsregionen, og at banken vil gjera sitt til at nynorsken får ein framskoten plass i dette arbeidet.

Med desse orda vil eg ynskja Sparebanken Vest til lukke med Hordaland Mållag sin målpris for 2004.»


Dei siste åra har desse fått Målprisen frå Hordaland Mållag:

2003: Universitetet i Bergen
2002: Drageset Super Spar
2001: Ivar og Kari Medaas
2000: BNR
1999: NRK Vestlandsrevyen

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no