Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorskens kulturelle plass i skulen

 (23.02.2004)

Melding. 23.02.04. Eg synest mange av dei som no ytrar seg om sidemålet på eit kulturpolitisk grunnlag, er dårleg informerte om det som rører seg i skulekvardagen. Og mange av dei som ytrar seg på eit skulepolitisk grunnlag, overser dei kulturpolitiske perspektiva, skriv Ottar Grepstad, direktør hjå Nynorsk kultursentrum i <a href="http://www.smp.no/artikkel.asp?page=1024&item=51731">Sunnmørsposten</a>.

«Difor vil eg minne om at målet for ein samla norsk språkpolitikk er at både nynorsk og bokmål skal bli verande fullverdige bruksspråk i alle delar av samfunnslivet. Kva plass nynorsk skal ha i skulen kan difor ikkje forenklast til eit reint pedagogisk spørsmål:
Språkdelt samfunn
1. Det norske samfunnet er eit samfunn med ein språkdelt norsk kultur som bør oppfattast som eit felles eige. Dette er ein kulturell ressurs som det står respekt av internasjonalt og som vekkjer interesse i andre land. Det er eit privilegium for alle nordmenn å bli kjende med flest mogleg sider av denne språkdelte kulturen. Nynorskens kulturelle plass i skulen er den første prøvesteinen på kor fleirkulturelt det norske samfunnet faktisk er. Den som vil vere global i sin tankegang, kan ikkje tenkje så provinsielt om nynorsk som mange gjer no.

2. Regjeringa Bondevik strekar i kulturmeldinga under at jamstellingspolitikken mellom nynorsk og bokmål ligg fast, og at ein samla språkpolitikk skal vere sektorovergripande. Det inneber at språkpolitikken ikkje er avgrensa til kultursektoren. Regjeringa tek i den same kulturmeldinga til orde for ei meir systematisk styrking av nynorsk skriftkultur i tiåret fram til 200-årsjubileet for Ivar Aasens fødsel i 2013.

Skrivekunnskap
3. Å lese og å skrive høyrer til basiskompetansane i skulen. Skrifta får jamt meir å seie både som kommunikasjonsform, for utvikling av tenking og kunnskap, for lagring av innsikt og utvikling av identitet. Framtidssamfunnet vil krevje meir kunnskapar, større innsikter og betre ferdigheiter. I skulen blir skrift altså verande ein grunnleggjande premiss. Å kunne skrive blir ein nødvendig føresetnad for å kunne vere fagleg. Generell skrivekompetanse i norsk vil vere å kunne bruke både nynorsk og bokmål i ulike samanhengar og sjangrar.

4. I den digitale kvardagen er avstanden kort mellom å lese og skrive. Å arbeide med tekstar blir like mykje å skrive som å lese. Den tida er altså forbi då eit fag kunne avgrensast som eit munnleg fag gjennom politiske vedtak. Digitale uttrykksformer blir ein integrert del av den nye skulen. På Stortinget har alle partia utanom Frp streka under det ansvaret staten har for nynorskelevar har tilgjenge til kvalitetssikra kunnskapskjelder i digital form. Eg er overtydd om at ein elektronisk kunnskapsbase på nynorsk er eit av dei viktigaste nye verkemidla for å sikre nynorsk som allment bruksspråk i framtida og for å forbetre skulekvardagen for så vel bokmåls- som nynorskelevar.

Sidemål
Dei seinare åra har mykje av den skulepolitiske språkdebatten vore avgrensa til sidemålsundervisninga. Altfor få har vist interesse for dei elevane som faktisk har nynorsk som hovudmål. Difor veit vi i dag meir om bokmålselevane sitt syn på nynorsk enn om nynorskelevane sitt forhold til sitt eige språk. Men nynorsk i skulen gjeld både nynorsk som hovudmål, som sidemål og for framandkulturelle. Måla må vere ulike på desse tre områda.

For nynorskelevar må det bli lettare å halde på hovudmålet sitt gjennom vidaregåande skule og inn i høgare utdanning. Prosentdelen elevar med nynorsk hovudmål i grunnskulen har minka frå 17 prosent i 1990 til 15 prosent i 2002. I dag har om lag 94.000 elevar nynorsk som hovudmål i grunnskulen. For framtida til nynorsken er det svært viktig kor mange av desse som held fast ved hovudmålet sitt også i vaksen alder. Mange av desse elevane slit med dårleg språkleg sjølvtillit og møter ofte tydeleg negative haldningar til sitt eige språk, trass i at den allmenne toleransen overfor nynorsk er større no enn for tretti år sidan. Dei er ofte for lite støe i sitt eige skriftspråk, truleg fordi bokmålet er så mykje meir brukt. Nettopp fordi nynorsk er eit mindre brukt språk, blir skulen som institusjon viktig for nynorskelevane når dei skal lære mest mogleg om sitt eige språk.

Dei framandkulturelle
Dei framandkulturelle må bli betre integrerte generelt og på fleire stader i landet. Kvart år tek over 2000 framandkulturelle til på norskkurs i nynorskkommunar. Berre eit mindretal av desse får opplæringa si på nynorsk trass i at dei skal integrerast i lokalsamfunn der nynorsk er fleirtalsspråket. Mange mindre nynorskkommunar slit med å halde på framandkulturelle i nærmiljøet sitt. Desse flyttar heller til dei større byane, dels fordi dei søkjer til sine eigne, dels fordi dei får så lite opplæring i nynorsk at dei knapt fungerer i ein kvardag der det er nynorsk som dominerer. Dagens statlege politikk produserer altså jamt over bokmålsbrukarar blant dei framandkulturelle. Her er det største problemet at det manglar gode og varierte tradisjonelle læremiddel på nynorsk som dekkjer heile utdanningstida. Det einaste tilbodet som finst, er jamvel berre tilgjengeleg på Internett, og vi når ikkje alle framandkulturelle på den måten.

Fleirfagleg undervisning
For sidemålsundervisninga gjeld det å utvikle ei fleirfagleg undervisning i nynorsk som endrar haldningar og aukar dei samla språkkunnskapane hos elevane, og som gjer det mogleg for gjennomsnittslæraren å lykkast. På tvers av skiljet mellom bokmåls- og nynorskbrukarar er det brei semje om at mykje av sidemålsundervisninga verken fungerer for lærarar eller elevar. Men der er også skular, skuleleiarar og lærarar som får det til. Det finst lærarar i tjukkaste bokmålsland som seier: Det er ikkje vanskeleg å lære elevane nynorsk.
Vi veit meir enn nok til å gjere endringar i sidemålsundervisninga, men vi veit ikkje nok til å gjere kva som helst. Fagdidaktisk har norskfaget endra seg mykje dei siste 20-30 åra. Med nokre få unntak har heile vitskapsmiljøet innanfor språk og pedagogikk i tiår på tiår likevel klart å la vere å forske i sidemålsundervisninga. Ikkje veit vi nok om korleis det i dag blir undervist i nynorsk som sidemål eller kor mykje tid som blir brukt. Heller ikkje finst det vitskapleg grunnlag for å hevde at sidemålsundervisninga går ut over allmenne norskkunnskapar. Og det ligg ikkje føre forsking som dokumenterer at elevane meistrar eitt skriftspråk betre ved at skriveopplæringa blir avgrensa til eit anna språk. Derimot tyder nyare forsking på at det å leve i ein fleirspråkleg situasjon aukar den generelle språkmeistringa.

Fleire forskingsbaserte forsøk
Norsk skule treng fleire forskingsbaserte forsøk i nynorskundervisninga. Eit berande prinsipp i europeisk politikk er i dag å løfte fram dei gode døma og systematisk overføre erfaringar til dei som gjerne vil frå dei som får det til. Det er dette vi også må gjere i norsk skulepolitikk no når eit mangfald av metodar kjem til å prege kvardagen.
Mange sidemålsforsøk har hatt preg av å prøve ut måtar å minske det såkalla nynorskproblemet på. Det ville vere lurare å satse offensivt og gripe det potensialet den språkdelte norske kulturen ber i seg til å styrkje den samla skrivekompetansen hos elevane. To spennande modellar er alt på full fart inn i skulen. Ein avgrensa modell går ut på at alle skriftlege læremiddel i eit anna fag enn norsk er på nynorsk. Ein utvida modell inneber at nynorsk blir brukt i mange fag, også administrativt på skulen, ut frå eit mål om at elevane etter kvart sjølve skal spørje om dei no skal skrive på nynorsk eller bokmål. I skuleåret 2003/2004 blir ein av desse modellane brukt på skular i åtte kommunar: Tromsø, Skjerstad, Sunndal, Åndalsnes, Ålesund, Askøy, Bærum og Oslo. Begge desse modellane for fleirfagleg undervisning på nynorsk inneber at så vel norsklærarar som lærarar i andre fag blir stilte overfor nye utfordringar. Det er eit gode i seg sjølv.

Ein del av morsmålet
For at noko skal vere forsøk, må noko liggje fast. Nynorsk er ein integrert del av det norske morsmålet, og for å meistre eit morsmål må ein kunne skrive det. Det er ei sjølvmotseiing om ein både vil styrkje nynorsk skriftkultur og samstundes gå bort frå nynorsk som eit skriftspråk alle skal kjenne til. Difor må nynorsk bli verande eit skriftleg fag både i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen. Dei to skriftspråka stør kvarandre når det gjeld å meistre norsk allment.

Å oppheve obligatorisk skriftleg sidemål ville vere eit kulturpolitisk overgrep frå fleirtalet mot eit mindretal i det språkdelte Noreg.»

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no