Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Utdeling av målbukett på Sotra

 (18.02.2004)

Melding. 18.02.04. Sotra Mållag har gjeve Målbuketten til journalist Johannes Morland. Leiar i Sotra Mållag, Karstein Bjørge, gav Johannes Morland mange gode ord under utdelinga.

– Sotra Mållag har med glede notert seg at ein ung journalist i VestNytt så gjennomført brukar den opphavlege og offisielle målforma i distriktet. I tillegg har han eit så levande og lett nynorsk språk at det er moro å lesa det han skriv – anten det gjeld referat på sportssidene, kommunalt stoff eller samtaler med folk rundt i grendene, fortel Karstein Bjørge, leiar i Sotra Mållag.

Målbuketten har eksistert i fire år. Frå før har Elina Brandt Hansen frå Klokkarvik, Drageset Spar og Svein Fjelland, rådmann i Fjell, fått denne merksemda.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no