Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kultur-opprop for sidemål

 (13.02.2004)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 13.02.04. Mållaget har sparka i gang eit kultur-opprop for sidemål i Oslo-skulen.

– Vi er berre så vidt byrja å få inn underskrifter og responsen hittil har vore svært oppløftande. Det er tydeleg at sidemålet er ei viktig kultursak som er verdt å kjempe for, seier Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag.

Mellom underskrivarane finn ein mellom anna forfattarane Tove Nilsen, Jon Fosse, Frode Grytten, Einar Økland, Kjartan Fløgstad og Brit Bildøen. Professor i samisk og president i FNs forum for urfolk Ole-Henrik Magga stør oppropet. Det gjer også tidlegare rektor ved Universitetet i Tromsø, professor Tove Bull, noverande rektor ved Universitetet i Bergen Kirsti Koch Christensen og professor Ole Danbolt Mjøs. Fleire akademikarar har signert oppropet, som til dømes Trond Nordby, Kjell-Lars Berge, Rune Slagstad og Cathrine Holst. Det er vidare verdt å merkje seg at leiaren for Den Norske Forfatterforening, Geir Pollen, stør oppropet, og det same gjer leiaren for Norsk Faglitterær Forfatterforening, Rune Ottosen.

Underskrivarane ser på framlegget om å fjerne obligatorisk sidemålsopplæring som eit åtak på nynorsken. I oppropet heiter det mellom anna: «Sidemålsframlegget inneber vidare ei svekking av norskfaget. Elevane får ikkje meir kunnskap i norsk ved å kutte sidemålet – dei får mindre. Vi er for kvalitet i skulen, og difor helsar vi velkome forsøk som har som mål å styrkje den aktive opplæringa i båe skriftmåla.»

Oppropet ligg her: <a href="http://www.nynorsk.no/sidemal/">Kultur-opprop for sidemål</a>

For meir informasjon:
Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag, telefon 55 58 83 99 (a) og 926 60 175 (m)

Hege Lothe, informasjonskonsulent, telefon 578 65 360 og 926 48 348 (m)
Sindre Humberset, kampanjesekretær, telefon 578 65 360 og 90 60 50 56 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no