Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Fritak på Revetal skole

 (11.02.2004)

Melding frå Norsk Tidend. 11.02.04. Revetal skole i Re kommune i Vestfold søkte i 2002 om eit stort forsøksopplegg: Skulen har ingen skriftlege avgangsprøver i det heile. Dette opnar for eit velregissert politisk stønt: Elevane skal sleppe å lære skriftleg nynorsk.

Skulen har alt skrive ein «rapport» der det viser seg at elevane er svært nøgde – med å sleppe å skrive nynorsk. Denne «rapporten» fekk brei dekning i Aftenposten og det tok ikkje lange tida før dette «forsøket» kom i gang til nynorskfiendane i FrP og Høgre lyfte Revetal fram i framlegg om å gjere sidemålsundervisninga valfri. Jamvel utdanningsministeren viste til «Revetaldømet» i sidemålsordskiftet på Stortinget sist haust.

Missnøgde elevar
Trass i at elevane i rapporten er nøgde med å ikkje skrive nynorsk har tidlegare elevar på Revetal skole gått ut i Tønsbergs Blad å kritisert forsøket fordi elevane meiner dei lærte for lite nynorsk. I Tønsberg Blad 22. november 2003 seier elevane Anette Ommedal og Kahle Ismail dette: «Vi ble kjempeglade da vi gikk på ungdomsskolen og fikk høre at vi skulle slippe skriftlig nynorsk, men nå skulle vi ønske vi heller hadde hatt det. De to var med i det første kullet
som var med på forsøket som går ut på at elevene slipper skriftlig sidemål. Begge har snart gjennomført det første halvåret ved Re videregående skole, og synes de henger etter i nynorsk. Tester ved Re ungdomsskole har vist at det første forsøkskullet er bedre i nynorsk enn elevene som gikk ut året før og hadde skriftlig nynorsk. De resultatene tror
ikke de to jentene noe på.»

Lokal søknad og nasjonal propaganda
I søknaden sin til utdanningskontoret i Vestfold grunngav dei forsøket slik: «Dagens skriftlige sidemålsundervisning virker mot sin hensikt» og føremålet med forsøket er «å oppnå en styrking av litteraturinteressen og leseferdigheten på sidemål». Utdanningskontoret svarar: «Utdanningskontoret finner skolens plan interessant. Vi merker oss at man ønsker å gjøre opplæringen i sidemål mer målrettet og meningsfylt for elevene.» Og godkjende søknaden. I søknaden skriv også Revetal skole at «spørreundersøkelse blant avgangselevene skal gjennomføres...( )Vi undersøker da om/hvordan holdningene til faget har endret seg». Skulen har ingen faglege instansar frå høgskule eller universitet med seg i dette arbeidet, korkje i planlegginga eller i evalueringa.

Sjå til Holmlia
– Det er bra at Revetal skole ynskjer gjere noko med sidemålsundervisninga, seier Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag.
– Det som er dårleg er det dei gjer: Sidemålsundervisninga i skulen har stor trong for nytenkjing og utprøving av nye metodar. Då må føremålet vere at elevane skal verte flinkare og meir
motiverte til å skrive nynorsk. Forsøket på Revetal skole har stikk motsett føremål og kan ikkje kallast for anna enn fagleg tvilsamt, seier Endre Brunstad.

Ingar Arnøy
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no