Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Inspirert samling av lærarar

 (10.02.2004)

Nyleg skipa Oslo Mållag til eit inspirasjonsseminar for norsklærarar i Oslo. Over åtti lærarar var til stades for å hente inspirasjon, mot og nye idear til sidemålsopplæringa!

Både forfattar Ragnar Hovland og lærarane Torill Tørjesen og Marit Brekke var med for å gje inspirasjon.
– Det er store skilnader på haldningane til elevane. Nokre få tykkjer at nynorsk er teit og vanskeleg, men dei fleste seier at nynorsk ikkje er noko problem. Likevel er det, når det gjeld norskfaget, i likskap med andre fag, dei som ikkje ønskjer å lære, som set dagsorden, seier Ragnar Hovland. Han meiner at mykje av problemet ligg i at nynorsken er usynleg i kvardagen, men at Oslo ikkje har nokon gode grunnar for å få fritak frå den skriftlege opplæringa, snarare tvert imot.

Kvardagsspråket
Torill Tørjesen er lærar ved Holmlia skole, ein skule med 500 elevar, der 55 prosent er framandspråklege. Ho har, i samarbeid med Ingar Arnøy frå Noregs Mållag drege i gang eit prøveprosjekt der nynorsk vert nytta som undervisningsspråk i KRL-faget (kristendom, religion og livssyn) for to niandeklasser ved skulen. Dei har KRL-bøkene på nynorsk, og nynorsk vert nytta som tavlespråk.
– Bakgrunnen for prosjektet var at eg ønskte at elevane skulle oppleve nynorsk som eit kvardagsspråk,
kvardagsspråk, fortalde Torill Tørjesen. Ho peikar på gode haldningar som ein grunnleggjande faktor i sidemålsopplæringa.
– Mange lærarar og foreldre er negative til nynorsk, noko som smittar over på elevane. Vi som lærarar må nytte vår kompetanse og vårt engasjement til å skape gode haldningar til nynorsk, og syne at norsk språk og norsk kultur er viktig. Ho tipsa òg kollegaene sine om korleis dei negative haldingane mellom elevane kunne snuast.
– Begynn med språkhistoria, slik at elevane får vite kvifor dei skal lære nynorsk. Og styr unna dei eldste tekstane, og la heller elevane få lese nyare nynorsktekstar.

Kebabnorsk
Prøveprosjektet på Holmlia har tydelegvis vore vellukka. Niandeklassingane Aminah Iqbal Tahir og Nora Johanne Hage er tydeleg engasjerte i det norske språkspørsmålet, og er ikkje i tvil om kva dei meiner om framlegget frå kulturbyråden i Oslo.
– Det er heilt feil at vi skal seie nei til nynorsk, når Ivar Aasen faktisk gøymde seg inne i skap for å kunne høyre på korleis folk snakka og samle inn ord til eit språk. Nynorsk er kultur og det er viktig å kjempe for, men det går ikkje an å lære ved berre å lese det, vi må det òg! seier Nora Johanne.
– Viss nynorsk vert fjerna då vil vi kanskje om femti diskutere om vi skal erstatte med kebabnorsk, seier Aminah, som snakkar urdu heime, drøymer om å verte forfattar skrive romanar – på nynorsk.

Å ause av seg sjølv
På Ringstabekk skule tjukkaste nynorskhatarland Bærum, er niandeklassingane Marit Løkke allereie i full med å skrive sjølvbiografiane sine på nynorsk. Skulen lang tid satsa på sidemålsopplæringa og har jamlege inspirasjonssamlingar for dei tilsette, der kjende nynorskbrukarar held innleiingar. I tillegg har dei oppretta ein eigen idébank for sidemålstimane. Løkke omtalar seg sjølv som noko diktatorisk overfor klasse 9b, der ho har avgrensa nynorsknormalen til gjelde dei formene som ligg nærast elevane sitt talemål.
– Eg er oppteken av dialekt. Eg nyttar min eigen nordlandsdialekt og ertar elevane litt for den fine Bærumsdialekta deira. Vi fleipar, leikar og har masse
humor, seier Løkke.
– I sidemålsundervisninga må ein ause av seg sjølv!

Reportasjen er trykt i Norsk Tidend 1/2004.

Inger Johanne Sæterbakk
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no