Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Manar til kamp mot åtaket på nynorsken

 (06.02.2004)

Melding. 09.02.04. – Det handlar om å bli kvitt nynorsken, ein gong for alle, seier Sylfest Lomheim, direktør for Norsk Språkråd, til Sogns Avis. Han understrekar alvoret i det åtaket som no kjem frå bokmålshald. Les saka i <a href="http://www.sognavis.no/lokale_nyhende/article867102.ece">Sogns Avis</a>

Slik ser saka ut i Sogns Avis:
«– Dette er eit forsøk på å kvela nynorsken, seier direktør Sylfest Lomheim i Norsk Språkråd.
Han åtvarar mot å kjøpa den retorikken nynorskåtaket er pakka inn i.

– Visst er det slik at elevar slit med nynorsken, men det finst ein medisin mot det problemet, nemleg å rusta opp nynorskundervisninga, seier språkrådsjefen.

Utløyser eit skred
– Men er det farleg at 22 skular i Oslo avskjær seg frå å ta del i skriftleg nynorsk?
– Det høyres tilforlateleg ut, men det kjem til å utløysa eit skred av liknande ordningar kringom i landet, det vil enda med at eit fleirtal kommunar gjev opp skriftleg nynorskundervisning, resultatet blir at nynorsken vert regionalisert og provinsialisert.

Rett i ryggraden
Sylfest Lomheim legg ikkje skjul på alvoret i det utfallet oslobyrådet har gått ut mot nynorsken med.
– Dette går rett i nynorsken sin ryggmarg, dette må me alle slåst mot, seier han, og varslar at året 2005, forutan å vera eit nasjonalt festår, også er eigna til anna bruk.
– 2005 kan bli eit godt språkår, seier Sylfest Lomheim.
Men det som frustrerer han mest er at bokmålsfolket er tilsynelatande uvitande om kva eit nynorskkollaps inneber for deira eige mål.

Bokmål er bokspråk
– Til slutt kjem nynorsken sitt fall til å gå ut over norsken, seier han, og held fram: – Om no bokmålsfolket stort sett held seg med ein dagsorden, og at denne går ut på å planleggja korleis nynorsken best kan skvisast, då vil dei etter ei stund oppdaga at deira eige bokmål er på veg ut bakdøra.
– Her til lands finst det alltids dei som skal klara halda liv i nynorsken, men det kan bli ganske ille for bokmålet å overleva aleine.
– Korleis?
– Det vil føra til at bokmålet blir meir og meir bokmål, eit bokspråk, ikkje eit hjarte- eller magespråk.


Ordoverrislaren
Sylfest Lomheim minner om ein nynorsk/bokmål-samanheng som er lite påakta.
– Når moderne bokmål er eit språk som verkar i kvardagen, er det fordi bokmålet har blitt overrisla av nynorskord, seier Sylfest Lomheim, og konstaterer eit faktum mange har erkjent, nemleg at nynorsken er den vitale ordutformaren i det norske språket.
– Sjå berre i Aftenposten, seier språkdirektøren, – der ser ein lett at den leksikalske fornyinga først og fremst skjer gjennom at nynorskord vert tekne i bruk.

Overgrep på gang
Sylfest Lomheim oppfattar det som skjer kring byrådet i hovudstaden som eit forsøk på å kvela landets minoritetsspråk.
– Det er starten på eit klassisk overgrep, seier han, og lovar kamp.»

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no