Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Osloungdom saman for nynorsken

 (06.02.2004)

Entusiastiske ungdommar i hovudstaden har gått saman og starta to nye lokallag for målungdommar på Oslo Katedralskole og Berg videregående skole. Dei vil aktivt jobbe mot eit framlegg i Oslo byråd om å kutte ut sidemålsundervisninga i den vidaregåande skulen i byen.
– Vi vil forbetra sidemålsundervisninga, ikkje ta henne vekk, seier Sigrid Kleiva Gramstad, Bianca Bernhoft Løkkeberg og Ida Ylvisaker. Dei er leiarar for høvesvis Målungdommen i Oslo (MiO), lokallaget på Katta og lokallaget på Berg.
MiO vart starta i september i fjor og har klart å skaffe over 60 innmelde medlemmer allereie. Dei to lokallaga er heilt i startgropa, men har 21 medlemmer på Katta og 13 på Berg.
– Målet vårt er å slå Studentmållaget, dei har rundt 200 medlemmer, seier Bianca Bernhoft Løkkeberg i ein spøkefull, men optimistisk tone.

Forbetre, ikkje fjerne
Dei tre jentene er opptekne av det irrasjonelle i å fjerne eit fag med dårlege resultat framfor å freiste å forbetre det.
– Forsøk på Holmlia skole her i Oslo og på Ringstadbekk skole i Bærum har gitt elevane eit positivt forhold til nynorsken, seier Sigrid Kleiva Gramstad. Ho krev at det vert tilsvarande forsøk på andre skular i hovudstaden, framfor å kaste sidemålet og såleis nynorsken ut av byen.
– Det har aldri vore ein skikkeleg debatt om å gjere nynorsk-faget og undervisninga betre. Det har berre kome forslag om å kutte ut faget. Skulen er allmenndannande. Noreg har to skriftspråk – då må vi lære begge, seier Bianca Bernhoft Løkkeberg.

Dårleg undervisning
Alle jentene er samde om at undervisninga i nynorsk i Oslo er alt for dårleg og dei forstår at nokon kan synast at nynorsk er tørt stoff. Lærarane bør få eit motivasjonskurs. Lite motiverte lærarar gir lite motiverte elevar, meiner dei.
– Norsk er både bokmål og nynorsk. Alle lærarar burde kunne begge skriftspråka like bra. Forsvinn nynorsken må faget heite bokmål, meiner Ida Ylvisaker.
– Det er mange ungdommar i Oslo som likar nynorsk. Dei som synest det er kult er kanskje ikkje dei som skrik høgst. Ein del har dårleg erfaring med nynorskfaget. Eg har problem med mattematikk, men om eg vert motivert og får den rette undervisninga trur eg det hadde gått betre. Slik er det nok for mange i nynorsk-timane også, seier Bianca Bernhoft Løkkeberg.

Språkleg arv
– Det er ingenting i vegen for at osloungdom skal velja å skrive nynorsk. Nynorsken byggjer på dialektar frå heile landet og tek vare på mangfaldet og den språklege arven. Om ein fjernar sidemålet som obligatorisk fag for osloelevane vil dei ikkje få ei fullgod opplæring i norskfaget, verken kulturelt eller språkleg, seier Sigrid Kleiva Gramstad.

På bilete: Bianca Bernhoft Løkkeberg, Ida Ylvisaker og Sigrid Kleiva Gramstad har danna lokallag for målungdommar i Oslo. Dei vil jobbe aktivt mot forslaget om å fjerne nynorsken i Oslo-skulane. (NPK-foto: Kari Hamre)

Kari Hamre, Nynorsk pressekontor
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no