Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nytt sidemålsstudium!

 (06.02.2004)

Denne hausten startar Høgskulen i Volda eit nytt nettbasert studium. «Nynorsk som sidemål» er eit studie retta inn mot lærarar i vidaregåande skule og ungdomsskulen som underviser nynorsk som sidemål.

– Lærarar i skulen har lenge sagtat dei kan for lite nynorsk for å undervise i sidemål og mange har etterlyst ei etterutdanning innan dette fagområdet, fortel Anne Steinvik Nordal, høgskulerektor ved Nordisk institutt på Høgskulen i Volda.
– Vi fekk ein ide om eit slikt studium. Vi søkte om midlar frå Sentralorganet for fleksibel læring i høgare utdanning (frå årsskiftet heiter det Norgesuniversitetet) og fekk pengar til å utvikle studiet. Dette studiet inngår i ei større satsing ved høgskulen, seier Anne Steinsvik Nordal.

Fagleg opplegg
Dette er eit didaktisk opplegg, det vil seie eit undervisningsretta studium som er meint for lærarar i ungdomsskulen og i vidaregåande skule. Enkelt sagt
vil studiet ta sikte på å utvikle kunnskap om nynorsk språk og kultur. Det vil bli tilbydd to emne: Nynorsk som sidemål I og II. Kvart emne vil tilsvare 15
studiepoeng, til saman vil dette vere ei halvårseining.
– Vi tek sikte på at studentane skal skrive mykje i studiet. Tekstane dei skriv, skal dei få tilbakemeldingar på frå rettleiarar og andre studentar, fortel Anne Steinsvik Nordal.
– Nynorsk kan brukast i andre faglege samanhengar enn i norsktimane. Difor kjem vi også til å stø oss på språkbadmetoden, der ein legg vekt på å bruke nynorsk i andre fag enn norsk, seier Anne. Ho legg til at veldig mykje av studiet kan nyttast direkte i undervisningskvardagen til lærarane.

Byrjar til hausten
– Dette er eit nettstudium som gjer at folk ikkje treng å reise til Volda for å studere faget. Men vi vil tilby ei samling i Volda, gjerne rett før skulestart. Då vil dei som føler seg usikre på å ta til på eit slik nettstudium, få tilbod om datakurs. I tillegg til at det vert opplæring i dataverktøyet Class Fronter og tilbod om vitjing i Ivar Aasen-tunet og Ivar Aasen-instituttet, seier Anne Steinsvik Nordal. Første emne er klart til bruk hausten 2004, og det andre emnet er klar våren 2005.

Godt tilbod
– Det er eit tilbod til alle som vil lære om nynorsk i undervisningssamanheng, slår Anne Steinsvik Nordal fast. Ho er sjølv styremedlem i Noregs Mållag og oppteken av at sidemålsundervisninga skal vere god, og at lærarane skal ha reell kompetanse til å undervise i nynorsk.
– Det er veldig varierande kor mykje nynorsk lærarstudentane kan etter at dei er ferdige med utdanninga. Difor er dette eit studium for alle lærarar som vil verte betre i nynorsk, og sjølvsagt særleg retta inn mot dei som bur i bokmålsområde, påpeikar Anne Steinsvik Nordal.
Denne norskutdanninga er kompetansegjevande og kan
sjølvsagt gå inn i anna norskutdanning som fullverdige
studieeiningar.

Fakta
• Nynorsk som sidemål – nettbasert
utdanning ved Høgskulen i Volda

• To delar; 15 + 15 studiepoeng som
gjev eit halvt års studieeining

• Eit ordinært studium ved Høgskulen
i Volda. Inga studieavgift

• Søknadsfrist: 15.april

Denne teksten er henta frå Norsk Tidend 1/2004.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no