Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Oslo er ein småleg hovudstad

 (06.02.2004)

Melding. 06.02.04. – Oslo er ein så småleg og lite romsleg hovudstad at den umogeleg kan gjera seg fortjent til å bli europeisk kulturby, seier Olav Kobbeltveit. Radio Røynda kastar seg på saka... Sjekk <a href="http://www.nrk.no/programmer/radio/norgesglasset/3495451.html">Norgesglasset</a>.

Slik ser oppslaget ut frå Radio Røynda:
«Olav Kobbeltveit er redaktør i Bergens Tidende. Han reagerer på at høgrebyrådet i Oslo vil fjerna Nynorsk frå Oslo-skulen.

- Det er eit åtak på Noreg som kulturnasjon, meiner han.
I dagens Radio Røynda vitjar Røynda-redaktør Finn Tokvam Olav Kobbeltveit for å høyra kva han meinar med dette. Han fortel sanninga om Oslo, denne «forstaden til Strømstad», som Vetle-Ivar kallar byen.

Kobbeltveit meinar det er latterleg at Oslo vil bli europeisk kulturby. For i fjor ville Det Norske Teatret setje opp eit skilt som eit minne der det første teateret heldt til. Men det ville ikkje Oslo Byes Vel, så dei fekk ikkje lov. I tillegg søkte Det Kongelige Frederiks Universitet nyss om fritak frå lova som skal sikra jamstelling mellom nynorsk og bokmål.
- At ein by som er så snever i sin tankegang og så lite tolerant over for sin eige kultur, ska vera vidåpen mot Europa mens dei gløyme sitt eige oppland, høyre ikkje heime nokon stad, sei Kobbeltveit.

Ufortent
Om forslaget om at Oslo skal bli europeisk kulturby går gjennom, meinar Kobbeltveit det er heilt ufortent.
- Dette har med heile den norske kulturen å gjera. Ein del unge høgrefolk frå Oslo Vest har no fått gjennomslag for forslaget i moderpartiet, og no har det blitt offisiell høgrepolitikk i byen. Det er stor skam, seier Kobbeltveit.

Kobbeltveit meinar at hovudproblemet er at dei går til åtak mot ei ordning som gjer at det norske folk har Norsk som ei felles kulturell ballast.
- Om dei lukkast i Oslo med å seia at dei skal læra Bokmål og at resten av landet skal lera seg Nynorsk, så får vi ei fragmentering av samfunnet som vi ikkje treng i dag. Særleg Oslo bør halde seg for god til å drive med slikt når dei skal vera hovudstaden for landet.

Les dikt
Vetle-Ivar skriv og les eit Aasen-inspirert rim til Lae, for Vetle-Ivar er samd i alt Kobbeltveit skriv, sjølv om han ikkje har lest saka. Det kan derimot du gjera. Klikk her for å lesa kommentaren til Kobbeltveit. Og om du høyrer saka, får du vita kva Kobbeltveit svarar, når Vetle-Ivar spør: Bør Erling Lae klakkast på pottekanten?

I løpet av besøket les også Kobbeltveit eit dikt som helsing til byrådsleiar i Oslo, Erling Lae. Diktet får du høyre i innslaget om du klikkar på lenka i medieboksen over. Kobbeltveit er ikkje særleg fornøgd med Erling Laes behandling av Nynorsken.

- Om Erling Lae er så glad i Nynorsk som han sei at han er, så bør han gå inn for å gjera sidemålsundervisninga bedre, avslutar Kobbeltveit.

Norgesglasset NRK P1 05.02.2004

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no