Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Noregs Mållag helsar den samiske nasjonen

 (05.02.2004)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 06.02.04. Noregs Mållag ynskjer Sametinget og det samiske folket til lukke med nasjonaldagen 6. februar. – Vi er glade for den auka forståinga og framgangen samefolket har oppnådd for samisk språk og kultur, seier leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad.

- Det er ein menneskerett å få bruke språket sitt og hevde kulturen sin, seier Endre Brunstad. - Noregs Mållag stør alt arbeid som kan føre til at denne retten vert til røyndom.

Mållagsleiaren tykkjer det er leitt at samisk språk og kultur framleis vert motarbeidd av delar av det norske samfunnet.

- For Noregs Mållag er det sjølvsagt at norskspråklege born i dei samiske områda skal ha opplæring i samisk. Det er gledeleg at talet på elevar som lærer samisk, har auka dei siste åra.

Noregs Mållag meiner at samisk språk òg må synleggjerast utanfor det reint samiske området.
- Såleis bør samisk få sleppe til i riksdekkjande etermedium, til dømes i NRK Dagsrevyen, seier Endre Brunstad.
- Likeins må samisk kome til synes i offentlege dokument og i offentlege bygningar, til dømes gjennom skilting på hovudflyplassen på Gardermoen. På den måten kan storsamfunnet verte minna om at vi har eit samisk urfolk og ein samisk nasjon i landet vårt.

- Samane viser at ein stat kan ha fleire nasjonar innanfor grensene, og at ein nasjon kan gå på tvers av statsgrensene, påpeikar leiaren av Noregs Mållag.

For meir informasjon, kontakt leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad, telefon 926 60 175.

EB
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no