Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Osloungdom for nynorsk!

 (05.02.2004)

Pressemelding frå Målungdomen i Oslo. 05.02.04. Målungdomen i Oslo (MiO) har fått to nye lokallag på Oslo Katedralskole og Berg videregående skole. Målungdomen i Oslo vil aktivt arbeide i mot framlegget frå Høgre-byråd Ødegård.

- Me ynskjer å forbetra sidemålsundervisinga, ikkje fjerna henne, seier Sigrid Kleiva Gramstad, Ida Ylvisaker og Bianca Løkkeberg. Dei er dei tre lokallagsleiarane i Oslo. Dei peikar på det irrasjonelle i å fjerna eit fag med dårlege resultat framfor å freista forbetra det.
- Forsøk på Holmlia skole her i Oslo og på Ringstadbekk skule i Bærum har gjeve elevane eit positivt forhold til nynorsken, seier Sigrid Kleiva Gramstad, som sjølv var elev ved den fyrste nynorskklassen i Oslo.

Ho krev at det vert tilsvarande forsøk på andre skular i Oslo, framfor å kasta sidemålet og såleis nynorsken ut av hovudstaden.

- Det er ingenting i vegen for at osloungdom skal velja å skriva nynorsk. Nynorsken byggjer på dialektar frå heile landet og tek vare på mangfaldet og den språklege arven. Om ein fjernar sidemålet som obligatorisk fag for osloelevane vil dei ikkje få ei fullgod opplæring i norskfaget, korkje kulturelt eller språkleg, slår Sigrid Kleiva Gramstad fast.

For meir informasjon:
Sigrid Kleiva Gramstad, leiar i Målungdomen i Oslo (MiO), tlf 41 57 23 24
Ida Ylvisaker, leiar i Berg Målungdom, tlf 91 67 41 09
Bianca Løkkeberg, leiar i Katta Målungdom, tlf 41 63 33 03

Unn Catodotter Fyllingsnes,
fungerande leiar i Norsk Målungdom, tlf 97 97 12 11

Norsk Målungdom
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no