Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Oslo-byrådet med åtak mot tospråksituasjonen

 (04.02.2004)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 04.02.04. Byrådet i Oslo har kome med framlegg til sidemålssøknad.
- Byrådet kjem med ein fagleg svak søknad. Søknaden er eit åtak på den norske tospråksituasjonen, seier leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad.

Det Høgre- og FrP-baserte byrådet vil ha fritak for obligatorisk sidemål ved alle vidaregåande skular i Oslo frå hausten 2004 og tre år framover.
- Målet i søknadsframlegget er ikkje å gjere sidemålsundervisninga betre, men å fjerne sidemålet. I Oslo er det eit åtak på nynorsken, fastslår mållagsleiaren.

Endre Brunstad er overraska over kor fagleg svakt framlegget er.
- Vi finn ingenting om metode og jamføringsgrunnlag, heller ikkje noko om kven som skal evaluere forsøket. Hovudargumentet frå byrådet er at ein ynskjer meir tid til hovudmålsopplæring. Men som professor Kjell Lars Berge ved UiO har peikt på, er tida som vert brukt på sidemål i dag for lita og undervisninga for dårleg.

Sjølv om OECD-rapportar kan tyde på for dårleg lese- og skrivekunnskap i Noreg, peikar Brunstad på at det finst inga forsking som tyder på at det skuldast sidemålsopplæringa. Sidemålsopplæringa byrjar òg mange år etter den elementære leseopplæringa tek til. Brunstad vil heller vise til at Europarådet i ein utdanningsrapport, «Language Education Policy Profile for Norway», peikar på den språklege rikdomen i Noreg.

- Gjennom nynorsk, bokmål, dialektmangfald og skandinavisk-kunnskap sit nordmenn inne med språkkunnskap som gir potensiale for læring av andre språk, og for refleksjon kring språk. Det ekspertane undrar seg over, er at ein ikkje utnyttar og verdset denne rikdomen. 

- Byrådet legg seg flat for negative haldningar til nynorsken, seier Endre Brunstad. Han oppmodar i staden til ei styrking av kunnskap og positive haldningar.

Framlegget til sidemålssøknad skal handsamast av bystyret i Oslo. Mållagsleiaren fortel at det er godt håp om at bystyret vil avvise eit så dårleg framlegg.

For meir informajon, Endre Brunstad, kontakt leiar i Noregs Mållag, telefon 926 60 175.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no