Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Dei Nynorske Festspela 2004

 (29.01.2004)

Melding. 29.01.04. Dei Nynorske Festspela vert arrangert i tidsrommet 23. til 27. juni i år. Arrangøren Nynorsk kultursentrum letta litt på sløret då dei fortalde at dei har invitert Frode Grytten som festspeldiktar, skriv <a href="http://www.smp.no/artikkel.asp?page=1024&item=51362">Sunnmørsposten</a>.

«- Vi har invitert Frode Grytten frå Odda som festspeldiktar og vonar på eit positivt svar, seier Janne Karin Støylen ved Nynorsk kultursentrum til Sunnmørsposten. Meir av programmet ville ikkje Støylen og informasjonsleiar Torgeir Dimmen røpe i denne omgang, men dei lovar at det blir spenstige festspel også i år.
I år som i fjor inviterer dei alle interesserte i å kome med idear til Dei Nynorske Festspela 2004. Onsdag 18. februar inviterer dei til idedugnad på Aasen-tunet.
- Her er det fritt fram for ynskje, tips og meiningar om festspela, seier Støylen, som viser til at arrangøren var godt nøgd med over 7000 besøkande under festspela i fjor.
- Festspela treng likevel å utvikle seg vidare. Difor oppmodar vi spesielt lag- og organisasjonar i Volda og Ørsta om å kome på banen som samarbeidspartnarar. I fjor hadde vi i tillegg over 50 frivillige i staben, men vi treng alltid fleire, seier Støylen.»

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no