Pressmelding frå Noregs Mållag. 23.01.04. Nordfjordingen Hans Andreas Starheim (26) er tilsett som reiseskrivar i Noregs Mållag. Han skal ha arbeidsstad i Bergen, men vil etterkvart kjenne heile Vestlandet særs godt. Hovudoppgåva er organisasjonsbygging lokalt og då vert det ein del reising.
– Ein av dei viktigaste resursane til målsaka er entusiastiske folk som vil noko. Mitt bidrag vil vere å skape entusiasme og å vere med på systematisk arbeid lokalt for dei gode sakene, seier Hans Andreas Starheim. Han er sjølv fersk i Mållaget, men meiner at dette er eit spennande prosjekt.
– Det er utruleg viktig å få fram kor mykje bra det er med nynorsken. I tillegg er det viktig for målsaka at folk på Vestlandet blir medlem i Noregs Mållag. Nynorsken tener på at mållaget er sterkt og har mange medlemer, seier Hans Andreas Starheim. Denne våren skal han arbeide med å starte opp nye lag i Sogn og Fjordane. I tillegg til at mellom anna Stavanger og Haugesund skal få spesiell oppfølging.
Hans Andreas Starheim kjem frå Stårheim i Eid kommune og har studert ved Universitetet i Bergen siste åra.
For meir informasjon kontakt: Reiseskrivar Hans Andreas Starheim, 48 07 74 90 (m) eller leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad, 92 66 01 75 (m)
Nedlastbart bilete av Hans Andreas Starheim finn du her: <a href="http://www.nm.no/filer/Starheim2-2.jpg">http://www.nm.no/filer/Starheim2-2.jpg</a> Fotograf: Hege Lothe