Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Styrking av nynorsk fram mot 2013

 (23.01.2004)

Melding. 23.01.04. Denne veka deltok Noregs Mållag på ei høyring for kulturkomiteen på Stortinget om kulturmeldinga. Noregs Mållag la fram eit notat der organisajonen la vekt på å styrke nynorsk fram mot 2013 - 200 års-jubileet for Ivar Aasen.

«Notat til familie-, kultur og administrasjonskomiteen 19. januar 2004


1. Språkpolitikk og nynorsk som satsingsfelt
Noregs Mållag ser positivt på at regjeringa gjennom Kulturmeldinga (St. meld. nr. 48) legg opp til ein heilskapleg og offensiv språkpolitikk som er integrert i kulturpolitikken (jf. kapittel 12). Vektlegginga av språkpolitikk er ei nyvinning i høve til tidlegare kulturmeldingar.

Det er vidare positivt at regjeringa vil bruke tiåret fram til 200-årsjubileet for Ivar Aasens fødsel i 2013 til ei systematisk styrking av nynorsken. Som det står i Kulturmeldinga, er det rimeleg med ei viss positiv diskriminering av nynorsk.

Kulturmeldinga er mindre forpliktande og mindre konkret om korleis dei gode intensjonane skal gjennomførast. Intensjonane må no fylgjast opp med pengar gjennom dei årlege løyvingane over statsbudsjettet. I tillegg må det gjerast politiske grep for at nynorskrettane skal gjelde i høve til nye institusjonelle, teknologiske og økonomiske rammevilkår. Løyvingar og tiltak må gå på tvers av sektorane.

Kulturmeldinga vil styrkje nynorsken gjennom eit «samspel mellom private og offentlege aktørar». Som den største og viktigaste nynorskorganisasjonen har Noregs Mållag lenge gjort nynorskarbeid med brei offentleg interesse. Vi oppmodar komitéen til å sjå 100-årsjubiléet for Noregs Mållag i 2006 som eit godt høve til å markere styrkinga av nynorsken.

2. Norsk språkpolitikk med nytt språkpolitisk organ(12.1, 12.3, 12.4)
Den varsla omdanninga av Norsk språkråd til eit nytt språkorgan kjem som del av ei omlegging av offentleg språkpolitikk. Kulturmeldinga inneheld knapt nye opplysningar i høve til tidlegare dokument i saka. Noregs Mållag har ved fleire høve etterlyst ein språkkommisjon, og vil be komitéen krevje premissdokument som drøftar problem, mål og strategiar i språkpolitikken. Noregs Mållag bed òg komitéen krevje full høyringsrunde om saka. Det er verdt å minne om det grundige arbeidet som låg bak danninga av Norsk språkråd (Vogt-komiteen).

Noregs Mållag ser positivt på at det i språkpolitikken skal leggjast meir vekt på språkstyrking og mindre vekt på rettskrivingsarbeid. Samstundes føreset Noregs Mållag at ei viss form for normering og språkrøkt framleis skal vere arbeidsoppgåver for eit offentleg språkorgan. Noregs Mållag meiner vidare at det må vere ein språkpolitisk og kulturpolitisk representasjon i det nye språkorganet. Vi vil åtvare mot ei byråkratisering av norsk språkpolitikk.

Den geografiske plasseringa av det nye språkorganet må vurderast på fritt grunnlag. Mykje talar for å plassere språkorganet utanfor Oslo, og Bergen peikar seg ut som eitt godt alternativ.

3. Verkeområda for Mållova (12.7)
Noregs Mållag har lenge venta på ei avklaring om verkeområdet for Mållova. Kulturmeldinga inneheld gode intensjonar, men er ikkje tydeleg nok til å leggje naudsynte føringar framover. På visse område er Kulturmeldinga presiserande. Det gjeld statsføretak (sjølv om det er uklårt kva som er meint med «individuelle tilpassingar»).

Resonnementet om helseføretak i meldinga er sterkt. Problemet her er at intensjonane og lovene ikkje vert fylgde, trass i at KKD har påpeikt lovbrot overfor Helsedepartementet. Det er i ferd med å gro til dårlege vanar og haldningar gjennom at helseføretaka «tek seg til rette», og ingenting skjer. Komitén bør her gripe særleg tydeleg inn.

Kulturmeldinga dreg ikkje klåre nok grenser for målbruken på dei felta der det er uttrykt tvil. At andre særlovsselskap «bør» innarbeidast i Mållova, er ikkje klårt nok: Noregs Mållag bed om at det vert endra til «må». Det er heller ikkje bra nok at offentlege aksjeselskap kan «til dømes» få reglar i vedtektene som Posten har no: Noregs Mållag bed om at det vert endra til at ein «skal» få reglane i vedtektene, og at departementet skal godkjenne reglane og ha tilsyn med praksisen. Likeins kan røynslene med Posten tyde på at det ikkje er presist nok at statlege aksjeselskap skal rette seg etter «prinsippa i Mållova». Noregs Mållag har motteke mange attendemeldingar det siste året. Dei gjev eit eintydig bilete av at nynorskbruken i mellom anna Posten er vesentleg redusert etter omdanninga til aksjeselskap.

Punktet om teknologibasert språkbruk viser gode intensjonar, men vi bed komitéen syte for at presiseringane vert tekne inn i lova eller i forskriftene.

4. Nynorsk programvare, språkteknologi og digitale læremiddel (12.8)
Kulturmeldinga er tydeleg på at det skjer diskriminering av nynorskbrukarar gjennom teknologisk basert språkbruk. Det er difor viktig å støtte utviklinga av nynorsk programvare og andre språkteknologiske reiskapar på nynorsk.

Noregs Mållag har i fleire år bede om at det vert stilt krav om språkleg parallellitet i den statlege innkjøpsordninga for programvare. Kulturmeldinga skriv at departementet vil vurdere andre tenlege verkemiddel. Noregs Mållag bed om at komitéen etterlyser konkrete verkemiddel.

I offentleg forvalting er det naudsynt å etablere parallelle søk for nynorsk og bokmål i elektroniske arkiv- og sakshandsamingssystem.
I skuleverket er det i dag unntak for kravet om språkleg parallellitet mellom nynorsk ogbokmål for kontorstøtteprogram (administrativ programvare). Grunnlaget for unntaket var mangel på programvare, men når det no eksisterer nynorsk programvare og lett kan utviklast meir, er det på tide at unntaket vert oppheva. Komitéen bør kommentere dette unntaket.
Noregs Mållag vil òg be komiteen syte for at det (i tråd med vurderingane i Kulturmeldinga) vert utarbeidd lov- og forskriftsendringar for å sikre norske arbeidstakarar norsk grensenittspråk og norske brukarrettleiingar, og at ein då tek omsyn til jamstellinga mellom nynorsk og bokmål.
Det trengst sektorgjennomgripande tiltak for Norsk språkbank.

Framlegg til komitémerknad i budsjettinnstillinga:
Noregs Mållag gjer framlegg om denne komitémerknaden i budsjettinnstillinga:
Komiteen sluttar seg til synspunktet frå regjeringa om å bruke tiåret fram til 200-årsjubileet for Ivar Aasens fødsel i 2013 til ei systematisk styrking av nynorsk skriftkultur. Komiteen er samd med regjeringa i at ei viss positiv diskriminering av nynorsk er rimeleg.

Komitéen legg til grunn at satsinga på nynorsk og allmenn språkstyrking vert sektor-gjennomgripande.

Komitéen er oppteken av målbruken i dei statlege aksjeselskapa og andre særlovsselskap. Om jamstillinga av dei to målformene forvitrar, vil komiteen vurdere å ta initiativ til ei oppstramming av vedtektene i dei nemnde selskapa eller om det må knytast sanksjonar til Mållova.

Komitéen vil leggje vekt på retten nynorskbrukarar har til nynorsk programvare, språkteknologi og digitale læremiddel. Komitéen ser det vidare som verdifullt å utnytte og stimulere nynorskorganisasjonar, nynorskinstitusjonar og andre nynorskjubileum i tiårsperioden.

Komitéen bed om at regjeringa i framlegget til statsbudsjett for 2005 utdjupar kva tiltak som bør setjast i verk for å styrkje nynorsk skriftkultur fram til 2013. Ut frå prioriteringar bør tiltaka fylgjast opp i seinare årlege statsbudsjett.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no