Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kampen mot sidemålet

 (22.01.2004)

Lesarbrev. 23.01.04. På 1970- og 80-talet framstod Høgre som eit liberalkonservativt folkeparti med brei appell. På denne tida fekk Høgre òg feste i nye grupper, skriv Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag i eit innlegg i <a href="http://www.bt.no/meninger/debatt//article.jhtml?articleID=227950">Bergens Tidende</a>.

Også nynorskingar kjende seg heime i partiet. Rett nok prøvde Unge Høgre på 1980-talet seg med framlegg om å fjerne sidemålet, men framlegga vart kontant avviste på landsmøta. Som Kåre Willoch sa på landsmøtet i 1985, ville eit sidemålsfritak «ramme Høyres troverdighet».

Seinare er dei populistiske skuleelevane frå Unge Høgre vortne vaksne, og fått posisjonar i moderpartiet. Det har hatt konsekvensar for sidemålspolitikken. I 1997 gjekk Høgre-landsmøtet inn for å avskaffe obligatorisk sidemål.Det er fyrst og fremst i Oslo at sidemålsvedtaket har fått konsekvensar. Under valkampen kunne VG melde om at «glad Lae vil fjerne nynorsken». Gjennom byrådet vil no Oslo Høgre søkje staten om fritak for sidemål i den vidaregåande skulen i Oslo.

I BT 16. januar har nestleiar i Oslo Høgre, Lars Groth, eit innlegg der han langar ut mot sidemålsordninga og mot Noregs Mållag. Groth meiner at sidemålsundervisninga har gitt Oslo-borgarar «en avsmak for nynorsk og en negativ holdning til målfolk og alt de står for som har fulgt dem resten av livet». Vert derimot sidemålet valfritt, vil haldningane til nynorsk verte betre, påstår Groth.

Det er vanskeleg å sjå kva grunnlag Groth har for påstandane sine. I tida før sidemålet vart innført i 1907, hadde Oslo-elevar høve til å lese nynorsk litteratur, utan opplæring i skriftleg nynorsk. Likevel var motstanden mot nynorsk mykje krassare og endå meir vulgær på den tida enn han er i dag. Sjølv om det framleis finst nynorskhat, har det allment skjedd ei positiv haldningsutvikling. Er Groth sikker på at sidemålet har hatt ingenting å seie for det?

Groth meiner at det er «formålsløst» å lære seg nynorsk i Oslo: Offentleg tilsette med bokmål som hovudmål vil «ytterst sjelden» ha trong for å skrive nynorsk, skriv Groth. Dermed viser ein framståande høgremann fullstendig mangel på respekt for prinsippet om jamstelling mellom nynorsk og bokmål i offentleg forvalting. Utgangspunktet for obligatorisk sidemålsundervisning er jo nettopp jamstellingsprinsippet, og jamstelling føreset at kunnskap om skriftspråka er allmenn. Sidan nynorsk er sidemål for dei aller fleste i Oslo-skulen, vil bortfallet av obligatorisk sidemål i Oslo logisk nok gå utover nynorsken. Difor er kampen mot sidemålet i Oslo i praksis ein kamp mot nynorsken. At Groth meiner Noregs Mållag driv «forsøpling av debatten» og «vulgærkampanje mot Oslo» når vi peikar på den samanhengen, får stå for hans rekning.

Groth kjem med ugrunna påstandar om terping på «nynorsk grammatikk og syntaks». Han meiner samstundes at det er uråd å forbetre sidemålsundervisninga. Han vil berre ha vekk sidemålet.

Høgre tala ein gong om «kunnskapsskulen». Lars Groth har vist oss at det ikkje er Oslo Høgre som skal stå for den skulen.

Endre Brunstad
Leiar i Noregs Mållag

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no