Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorskforbod i mange aviser

 (22.01.2004)

Melding. 22.01.04. Carl I. Hagen treng ikkje frykte at han skal bli sitert ofte på nynorsk. Over 80 prosent av avisopplaget i Norge er bokmålsaviser, skriv Vårt Land. Les heile saka hjå <a href="http://www.vartland.no/apps/pbcs.dll/artikkel?AID=/20040121/ARTIKLER/40121003/1085">Vårt Land</a>

«Vårt Land fortalde i går at leiaren i Framstegspartiet, Carl I. Hagen, krev å bli sitert på bokmål sjølv om han blir intervjua av journalistar som skriv nynorsk.
Ei kartlegging utført av Mediemållaget viser at Hagen har lite å frykte:
Berre seks prosent av det totale avisopplaget i Noreg er reine nynorskaviser. 11,2 prosent er målblanda aviser og 82,8 prosent er reine bokmålsaviser.

Forbod.
Norges største avis, Verdens Gang, er mellom avisene som ikkje let journalistane få skrive nynorsk. Sjefredaktør Bernt Olufsen seier at avisa medvite har innteke denne språkpolitiske ståstaden.
– Det er viktig for oss å ha vår eigen språklege identitet. Vi ser tydeleg vår politiske rolle, og har valt å leggje oss på ei konsekvent linje; eit moderat bokmål.

Han seier at innlegg, debatt og kommentarstoff kan bli trykt på nynorsk, men at VG er prinsippfast på det redaksjonelle stoffet. Men ingen regel utan unntak:
– Eg intervjua ein gong leiaren i Noregs Mållag. Den gongen syns eg det var naturleg å trykkje intervjuet på nynorsk. Men vi har ingen planar om å endre praksis, og som sjefredaktør står eg fullt og heilt inne for denne språklinja, seier han.

Nynorskavis.
Ansvarleg redaktør Jan Atle Stang i Firda, verdas største nynorskavis, meiner at riksdekkjande aviser bør opne for målblanding, og dermed oppfylt språkkrav tilsvarande riksdekkjande fjernsyn. Men den same Stang seier saka stiller seg ganske annleis for ei lokalavis som Firda.
– Vi opererer i eit tilnærma reint nynorskfylke, og alle journalistar hos oss må skrive nynorsk. Slik har det vore i Firda sidan 1918, og avisa er viktig for å styrkje språket i regionen.

Han ser ingen saker eller situasjonar der nynorsk ikkje kan brukast, og reagerer kraftig på Carl I. Hagens utspel i gårsdagens Vårt Land. – Poesi eller avisartiklar - alt kan bli sagt på nynorsk, seier han.

Målblanding.
Einar Hålien er sjefredaktør i Bergens Tidende, den største målblanda avisa med eit opplag på 91.000. Redaktøren grunngjev språkvalet med ei markant språkleg todeling i den regionen avisa dekkjer.
– Bergen by er prega av eit konservativt bokmål. I kommunane rett utanfor står derimot nynorsktradisjonen sterkt. Avisa skal spegle lesarane våre.

Hålien meiner likevel at språkvalet ikkje er ukontroversielt.
– Flest reaksjonar får vi på nynorskbruken, og i hovudsak frå eldre menneske i Bergen. Men også internt i redaksjonen har vi hatt høglytte diskusjonar. Kan til dømes referat frå bystyremøte i Bergen skrivast på nynorsk?
Sjefredaktøren seier at avisa i all hovudsak lever godt med dei språkreglane dei har. Bokmål er hovudregelen, men det er rom for skjønn, og språket bør tilpassast sak og innhald.

Språkpolitisk ønskje. Hålien legg ikkje skjul på at språkvalet i Bergens Tidende er prega av eit språkpolitisk ønskje om å fremje nynorsk skriftspråk. Han er likevel ikkje tilhengjar av å lovfeste krav til målform i riks- og regionaviser. – Ein bør ikkje lovfeste alle gode føremål. Lov kan fort undergrave skjønn og etikk, seier han.»

Bjørgulv K. Bjåen
og Elin Vigrestad

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no