Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Carl I. Hagen med argument for sidemål

 (20.01.2004)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 20.01.04. Carl I. Hagen krev at intervjuobjekt skal siterast på deira eiga målform, bokmål eller nynorsk. Det føreset igjen at alle journalistar har kunnskap i både bokmål og nynorsk.
- Carl I. Hagen gjev på denne måte argument for obligatorisk sidemålsundervisning, seier Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag.

Formannen i Framstegspartiet, Carl I. Hagen, har gått hardt ut fordi han er sitert på nynorsk i ein artikkel skriven på nynorsk. Hagen meiner det er mest korrekt å sitere han på bokmål, fordi han bruker bokmål sjølv. Samstundes meiner han at nynorskbrukarar må få lov til å verte siterte på nynorsk.

- Carl I. Hagen gjev på denne måten argument for at ein framleis skal ha obligatorisk sidemålsundervisning, seier Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag.
- Dersom journalistar skal sitere etter målforma til intervjuobjekta, må alle journalistar kunne både nynorsk og bokmål godt. Den einaste kjende måten å få det til, er gjennom sidemålsopplæring, slår Brunstad fast.

- Såleis vil det vere logisk om Carl I. Hagen no går aktivt ut mot planane om å gjere sidemålsopplæringa i den vidaregåande skulen i Oslo valfri, påpeikar Brunstad. Han meiner det er spesielt viktig at journalistar i hovudstaden kan dei to målformene, for det er der dei største avisene held til.

Det vanlege i journalistikken er at intervjuobjekt vert sitert på den målforma som journalisten bruker i artikkelen. Sjølv vil ikkje Endre Brunstad krevje at alt han seier, vert sitert på nynorsk, og han meiner at Carl I. Hagen burde vere meir romsleg overfor journalistikk på nynorsk.
- Det viktigaste er at det som er skrive, vert korrekt sitert, seier Brunstad.

For fleire opplysningar: Kontakt leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad, telefon 926 60 175.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no