Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Målrørsla skjønar ikkje nynorskens beste!

 (19.01.2004)

Melding. 20.01.04. Mindre sidemål gjev meir og betre nynorsk, trur Unge Høgre-leiar og stortingskvinne Ine Marie Eriksen (26). Berre så synd at målrørsla ikkje har skjøna det.

Kan Ine Marie Eriksen sitja godt når ho skal røysta mot valfri sidemålsopplæring? Det er ein på overflata vanleg tysdag i haustsesjonen i Stortinget. Dei folkevalde skal ordskiftast om eit framlegg frå Framstegspartiet, som vil fjerna all sidemålsopplæring både frå grunnskolen og
vidaregåande skole. Det uvanlege er at Unge Høgres leiar vil røysta mot. Er det Valgerd som ser henne over aksla?

Regjeringa avgjer
- Det er ikkje med tungt hjarta eg røyster mot Frp sitt framlegg, seier Ine Marie Eriksen utan å
blunka.
- Framlegget femnar om heile opplæringsløpet. Det
Høgre ynskjer, er valfri skriftleg sidemålsopplæring i den vidaregåande skolen. Føresetnadene for det vi vil, er heilt annleis enn for det Framstegspartiet vil. Vi vil halda på sidemålet og har ingen agenda for å fjerna korkje det eller nynorsken. Eg trur valfri skriftleg opplæring vil føra til betre resultat. Sjå berre på Revetal ungdomsskole i Vestfold, der elevane gjer det betre i skriftleg nynorsk og har eit betre forhold til nynorsken enn før, argumenterer Ine Marie.
Men litt etter vedgår ho i ei bisetning at kulturminister Valgerd Svarstad Haugland og
regjeringssamarbeidet med KrF nok lurer litt bak aksla likevel.
- Vi i Høgre ville nok ynskt å seia noko meir positivt om forsøka på til dømes Revetal i fleirtalsinnstillinga frå komiteen til dette framlegget. Men vi ser heller fram mot ein grundig gjennomgang av heile grunnopplæringa når
Kvalitetsutvalets innstilling skal havast føre i Stortinget, truleg til våren ein gong.
Kvalitetsutvalet kom med innstillinga si tidlegare i haust, men har fare med særs lett hand både over norskfaget og sidemålsordninga. Det uroar ikkje leiaren for eit verdikonservativt partis ungdom, som meiner det er høyringane i etterkant av utvalet si innstilling som er det viktige. Men det er likevel Revetal som er Ine Marie Eriksens mantra denne dagen. Ho vrid seg litt unna då eg spør om ikkje eit førebels resultat frå éin skole er for skrint til å
trekkja konklusjonar.

- Eg er oppteken av nye måtar å skapa motivasjon og auka læringsevna hjå elevane på. Om dei lærer rammatikk gjennom til dømes lesing, ser eg ikkje noko gale i det. Vi ynskjer framleis to likestilte skriftspråk i landet. Mållaget og målrørsla må vera meir open for forsøk som på Revetal, ei oppbløming av og ein renessanse for nynorsken er langt viktigare enn sidemålsordninga i seg sjølv, seier leiaren for Unge Høgre.

Greitt med grautmål i Oslo
Dei vidaregåandeelevane som røyster på Høgre etter skoleordskifta, sit neppe att med eit inntrykk av at Høgre er partiet for ein nynorskrenessanse. Og ikkje minst bryt det med stilen i flygeblada Oslo Unge Høgre laga for nokre år sidan, med hovudbodskapen «La dem raute nynorsk, bare vi slipper!».

- Synst du det er greitt at eitt av fylkeslaga dine talar om eit av landets offisielle språk på denne måten?
- Unge Høgres Landsforbund meiner ikkje at nynorsk er grautmål. Fylkeslaga har fridom til å laga det tilfanget dei vil. Stoda i Oslo er spesiell, ordskiftet får ei heilt anna vekt her, ettersom det i veldig liten grad er nynorsk kring elevane i Oslo. Eg trur ordskiftet er meir nyansert andre stader, og det er bra. Slik talar ein politikar, men eg anar irritasjon i augekroken hennar, trass i smilet, då eg spør om ho likevel er komfortabel med at Unge Høgre-folk snakkar om grautmål i skoleordskifta? Det var fælt til mas, då!

- Eg trur det må vera ein låg terskel for kva som kan seiast i skoleordskifta. Dei har ei tabloid form, og slik må det vera, slår ho fast. Det er tydeleg hennar siste ord om den saka. Sjølv har ho visst ikkje fått traume av den fælslege sidemålstvangen i den vidaregåande skolen.

- Nei, ikkje i det heile! Eg trur eg fekk seks i sidemål, seier ho og tenkjer etter.
- Mjo, eg fekk visst det. Eg skreiv forresten dønn konservativt nynorsk på vidaregåande, eg tykte det var meiningslaust med to skriftspråk når dei berre vart meir og meir like kvarandre. I trass skreiv eg dei mest nynorske orda eg fann. Ljos og alt mogleg, seier Ine Marie med eit breidt smil, før ho byrjar å snakka om eitt av favorittemna sine. Sidemål!

- Mindre nynorsk gjev meir nynorsk!
- Nynorsken lid under gamaldags undervising, som er lite motiverande. Ja, eg seier nynorsk, sidemålet er jo nynorsk for flesteparten. I tillegg er faget vanskeleg. Eg trur ein kan snu tendensen gjennom å gjera den skriftlege delen valfri, ja, eg trur det vil føra til at fleire vel nynorsk!Eg stussar. I dag, med obligatorisk sidemål, må jo alle læra seg å skriva nynorsk? Med valfri skriftleg opplæring vert det altså fleire enn alle? Det er tydelegvis ikkje berre Per Kristian Foss i Høgre som er flink med tal. Men Ine Marie finn svar på dette også.

- Eg meiner at dei som vel nynorsk då vil vera meir entusiastiske. Sidemål kan slik verta meir attraktivt. Og det er bra. Å gjera den skriftlege delen valfri vil vera eit viktig skritt. Eg trur fleire då vil nytta nynorsk og halda på språket, seier ho.Eg skriv så blekket sprutar, men klarer ikkje heilt å fylgja logikken.
- All erfaring tilseier at å læra fleire språk styrkjer språkdugleiken. Er ikkje det eit viktig poeng?
- Det er eit slit med både hovudmål og sidemål, og det er ofte forvirrande å læra to språk som ligg så nær kvarandre, hevdar Ine Marie.

- Er det ikkje å gje tapt å gjera sidemålsundervisinga valfri i staden for å freista gjera dette faget spanande og pedagogisk betre?
- Nei, det er ikkje eit nederlag. Ein har freista i langt tid å få eit bra nivå med dagsens obligatoriske undervising, utan å lukkast. Eg trur elevane må få meir innverknad over sin eigen skolekvardag, det får opp motivasjonen. Dei kan til dømes velja større eller mindre skriftleg fordjupning, seier Ine Marie, og nyttar fingrane til å illustrera alternativ. Eg undrest.
- Både for min eigen del og frå andre kjenner eg
stort sett forteljingar om sidemålsundervising
med negativt innstilt norsklærar og einsidig grammatikkpugg med metodar som i alle fall ikkje er fornya etter innføringa av ungdomsskolen for over 30 år sidan. Og det finst då fornya, godspråkundervising i andre fag. har ein no eigentleg freista?
- Jo, ein har freista å forbetra sidemålsundervisinga.
- På kva måte?
- Ein har utvikla metodar, det har vore ei konstant utvikling. Det har vore gjort ein innsats for nyskaping, men ein har ikkje klart det, slår Ine Marie Eriksen fast. Men ho kjem ikkje med eit einaste konkret døme på kontinuerleg, mislukka fornying i sidemålsundervisinga.

Positive forsøk
- Kva med forsøk der ein ikkje har gjort
sidemålsundervisinga valfri, men freista andre
metodar, som ved Ringstadbekk skole i Bærum og Holmlia skole i Oslo, der ein har teke i bruk bøker på sidemålet i andre fag enn norsk. Med gode resultat. Er ikkje dette vegen å gå i staden?
- Desse forsøka er positive! Eg trur ein treng forsøk med ulikt innhald, men målrørsla lukkar augo for dei positive resultata på Revetal, seier Ine Marie.
Punktum. Mantraet nok ein gong. Og:
- Ein må vera varsam med å nytta sidemålet i andre fag. Det er eit tvangselement i å lesa noko på eit anna språk enn eins eige morsmål. Dette har samband med det viktige arbeidet for å få alle læremiddel tilgjengelege på nynorsk, slengjer Unge Høgre-leiaren på, og går inn på målrørsla sin banehalvdel. Ho vert oppeldna, og set inn ein storoffensiv, men med ein spelestil utan fleire overraskingar enn i den svenskar og danskar skuldar det norske fotballandslaget for å nytta:
- Målrørsla er konservativ på ein negativ måte,
ja stokk stiv. Ho har vore lite konstruktiv i høve til valfridom. Eg trur ein må vera meir open og fordomsfri, det vil gagna nynorsken. Nynorskfolket må oppmuntra til og gjera det attraktivt å skriva nynorsk, ikkje vera defensiv som i dag.

Vil velja
No er Ine Marie på glid. Og ho held fram:
- Det er ei defensiv, konservativ haldning til språkpolitikk i målrørsla, og ikkje minst ei øyredøvande stille når målfolk ytrar seg positivt
til valfri sidemålsundervising. Heile poenget er å auka motivasjonen og forståinga hjå elevane, noko som gagnar nynorsken. Valfridomen skal ikkje vera ei dramatisk endring, og alle gode endringsframlegg er velkomne. Ein må yta konstruktivt, framfor å liggja i skyttargravene. Samarbeid er naudsynt for å finna gode løysingar, seier Ine Marie på innpust.

- Er ikkje obligatorisk sidemål naudsynt for å
tryggja kompetansen i offentleg sektor?
- Argumentet om offentleg sektor held ikkje. Krava til kunnskap i båe språka i offentleg sektor er tvert i mot ei fylgje av sidemålsordninga i skolen! Dette var heilt nytt frå Høgre-hald. Ine Marie, som for fåe augneblink sidan forsvarte fortsatt jamstelling, held fram:
- Eg meiner ein må kunna nytta den målforma ein sjølv skriv, same om ein er ein offentleg embetsmann eller ikkje. Alle forstår då kvarandre. Språka er forskjellige, men like. Ein greier seg i det norske samfunnet utan å kunna skriva båe, konstaterer Ine Marie Eriksen for visst. Unge Høgre-leiaren meiner altså det ikkje er ein naturleg rett i eit land med to jamstelte skriftspråk å få alle vendingar frå staten på det språket ein sjølv nyttar. Berre så synd målrørsla ikkje har skjøna det heller.

Teksten er henta frå eit intervju i Norsk Tidend 5/2003.

Lars Rottem Krangnes
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no