Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

FRP-framstøyt avvist på Askøy

 (16.01.2004)

Melding. 16.01.04. Det vil ikkje bli fritak for skriftleg sidemål i ungdomskulen" i Askøy, melder Askøyværingen.

Askøyværingen skriv:
«Mot dei tre røystene til Framstegspartiet har Komite for oppvekst og kultur i Askøy på møtet tysdag 13. januar avvist ein interpellasjon frå Trond
Soltvedt ( Frp) til ordføraren om fritak frå skriftleg sidemål i ungdomsskulen.

- Dette er ein siger for alle oss som er glade i nynorsk, seier komiteleiar Jan Nordstrøm (SV). Han gjer merksam på at det på Askøy blir undervist både i bokmål og nynorsk som sidemål.
-Men eg forstår interepellanten slik at det først og fremst var fritak for nynorsk sidemål som var hans ærend. Nordstrøm meiner det er viktig med god kunnskap både i bokmål og nynorsk.

- Vi treng begge målformer. Språk er viktig for god kommunikasjon og har mykje med identitet å gjere. Vi løyser ingen problem med å kutte ut nynorsken, seier Nordsstreøm til avisa.
Trond Soltvedt tok saka opp i kommunestyret kort tid før jul der han spurde om ordføraren vil bidra til at Askøy kan søkja Fylkesmannen om å starta ei forsøksordning, der elevane skulle sleppa den skriftlege delen av sidemålsundervisninga. Soltvedt meinte mellom anna at den skriftlege sidemålsundervisninga verkar dårleg for dei fleste elevane på ungdomsskulesteget. Mange har problem med sitt eige morsmål. Då blir skriftleg sidemål berre eit nytt nederlag og ikkje noko positivt møte med
språket.Han meinte at dei aller fleste elevane aldri får bruk for sidemål i yrkessamanheng.

Ordførar Kari Manger sa i sitt svar at ei eventuell forsøksordning måtte vera del av eit heilskapleg og gjennomtenkt undervisningsopplegg. Og at initiativet bør eventuelt koma frå den einskilde skulen og Foreldra sitt arbeidsutval FAU).
Via formannskapet vart saka send over til Komite for oppvekst og kultur, som altså har avslutta saka med eit klårt nei til forsøk.»

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no