Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Positive sidemålsforsøk

 (15.01.2004)

Melding frå Noregs Mållag. 15.01.04. På Holmlia skole i Oslo gjennomfører elevar på 9. klassesteget eit forsøk som blir kalla Åndalsnesmodellen. Forsøket går ut på dette:

> elevar med bokmål som hovudmål nyttar nynorsk i alt skriftleg tilfang (tavle, prøver, lærebøker og anna) i eit anna fag enn norsk.

> føremålet er å sjå om auka kvantitet (bruk av nynorsk) fører til betre dugleik, og om dette fører til endra haldningar til nynorsk spesielt og skriftspråk som skriftkultur generelt.

> haldningane til elevane som gjennomfører forsøket blir samanlikna med elevar på same klassesteget som ikkje gjennomfører forsøket.

Fagleg innhald
Innhaldet i forsøket er såleis svært enkelt: Språk og språklæring er mykje godt eit spørsmål om konvensjonar (vanar) og haldningar. Negative haldningar til nynorsk spesielt handlar i stor grad om traderte haldningar (frå foreldre, søsken, vener, media og i somme tilfelle lærarar), men desse haldningane stikk ikkje djupt og det skal lite til for endre på dei. Forsøket kunne såleis vere eit grunnlag for å vurdere om meir bruk av nynorsk utanfor norskfaget gjer nynorsk som eit normalt skriftleg uttrykksmiddel for elevane – slik bokmål er.

Ved å prøve ut dette forsøket vil ein sjå om det er råd å endre haldningar ved å endre språkvanane (konvensjonane): At haldningane til nynorsk kan vere eit resultat av alt for lite bruk av språket, det vil seie å oppleve nynorsk som eit bruksspråk.

I ordskifte om sidemål blir det ofte hevda at sidemålsundervisninga tek mykje verdfull tid frå houvudmålsundervisninga. Røynslene frå elevar og lærarar er heller det stikk motsette.

Forsøk over heile landet
Etter at Åndalsnes ungdomsskule sette i gang forsøket førre skuleår har skular over heile landet sett i gang same forsøk:
Tromsdalen vgs (Tromsø)
Sunndal ungdomsskole (Sunndalsøra)
Kolvikbakken ungdomsskole (Ålesund)
Askøy vgs (Askøy)
Holmlia skole (Oslo)
Skjerstad oppveksenter (Skjerstad, Nordland)

Forsøket vart sett i gang på Åndalsnes ungdomsskule skuleåret 2002-03 i samarbeid mellom Noregs Mållag, Rauma Mållag, norskseksjonen ved Høgskulen i Volda og Åndalsnes ungdomsskule ved rektor Geir Grav.

På Åndalsnes ungdomsskule oppsummerte dei forsøket som ein så stor suksess at der gjennomfører alle ni klassane forsøket i inneverande skuleår.

Om nokon ynskjer meir informasjon om korleis Noregs Mållag arbeider med obligatorisk sidemålsundervisning eller kva mållaget meiner om spørsmål knytt til dette temaet er det berre å ta kontakt.

Ingar Arnøy,
skulemålsskrivar i Noregs Mållag, telefon 9752 9700.

Ingar Arnøy
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no