Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsken i Oslo

 (15.01.2004)

Lesarbrev. 14.01.04. Det er trist at Dagsavisen vidareformidlar gamle fordomar mot nynorsken, meiner Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag. Les innlegget i <a href="http://www.dagsavisen.no/kultur/2004/01/774768.shtml">Dagsavisen</a>.

Dagsavisen har i haust og vinter hatt ei sakleg og velorientert dekning av sidemåls-debatten i Oslo. På kultursidene har debatten vore med på å profilere Dagsavisen som ei interessant kulturavis. At Dagsavisen dei siste åra har gitt rom for nynorsk på kommentarplass, er òg positivt. På denne bakgrunnen er det overraskande og trist at leiarartikkelen i Dagsavisen 10. januar vidareformidlar gamle fordomar mot nynorsken generelt og sidemålet spesielt.

I leiarartikkelen vert det argumentert imot obligatorisk sidemål ut frå omsynet til valfridom. Dagsavisen skriv: «I dagens skole med økende frihet til å velge fag og studieretninger, virker det gammelmodig å beholde nynorsken som obligatorisk fag.» Her kjem vi inn på ein heilt prinsipiell debatt: Skal vi stille nasjonale kunnskapskrav i skulen? I dag er kunnskap i hovudmål og sidemål obligatoriske læringsmål i norskfaget. På same måten er kunnskap om 1814 obligatorisk i historiefaget og kunnskap om multiplisering obligatorisk i matematikkfaget. Slik kunnskap kan oppfattast som gamaldags, og mange elevar hadde nok valt vekk slike emne dersom dei hadde hatt høve til det. Men læringsmåla i skulen skal ikkje avgjerast av populistiske innspel. Læringsmåla heng saman med overordna mål for kva samfunnet meiner eleven treng for å verte eit gangs menneske.

Dagsavisen er òg inne på dei språkpedagogiske sidene ved sidemålet. Det vert vist til at elevar ved ein Oslo-skule fekk betre resultat i både hovudmål og sidemål ved at elevane konsentrerte seg om hovudmålet siste halvåret før eksamen. Men leiaren nemner ikkje at elevane halvåret før konsentrerte seg berre om sidemålet! Då har kunnskapen frå sidemålet vore med på å styrkje kunnskapen i hovudmålet. Forsøket er såleis eigentleg med på å stadfeste det Mållaget heile tida har sagt, nemleg at ein vert betre i språk av å lære fleire språk, og betre i norsk av å lære meir norsk.

Leiaren refererer til nynorsken som «et minoritetsspråk som kjemper for å overleve i vår urbane tid». Sjølv om tonen her er tvitydig, er det verdt å få fram at stoda for nynorsken slett ikkje er prega av utdøying. Over 600.000 bruker nynorsk privat, og desse vil neppe døy ut i aller næraste framtid. Talet på nynorskbrukarar i skulen held seg stabilt, og nynorsken har fått innpass i ein del nye språkbruksområde, til dømes innanfor data og næringsliv. Det må elles påpeikast at nynorsk er eit offisielt jamstelt språk, ikkje eit minoritetsspråk. Fleire fylke, kommunar, lokalaviser og forretningsføretak i Noreg har faktisk nynorsk som sitt språk.

Hovudutfordringa for nynorsk som sidemål i Oslo er haldningar. Det er interessant å merke seg at sjølv om Oslo-elevar seier at dei er negative til nynorsk, meiner sju av ti elevar at spørsmålet ikkje er viktig for dei. Det tyder på at negative haldningar til nynorsk ikkje stikk så djupt. Det er elles interessant å notere seg at i fylgje Norsk Monitor har talet på dei som er positive til å lese nynorsk, auka dei siste åra (frå 39,3% i 1999 til 46,3% i 2001), medan det er færre som ikkje kan tenkje seg å lese nynorsk (frå 19 % til 15,3%). Det tyder på at Dagsavisen ikkje har noko å tape på å få endå meir nynorsk i spaltene sine.

Endre Brunstad
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no