Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sidemålsstilen i europeisk perspektiv

 (14.01.2004)

Melding. 14.01.04. Byrådets arbeid for å fjerna sidemålsstilen går på tvers av utviklinga i dei fleste andre landa i Europa, der arbeidet for å ta vare på og styrkja det kulturelle og språklege mangfaldet har politisk prioritet, skriv Sigve Gramstad, direktør i Eierskapstilsynet for media. Les innlegget i <a href="http://www.dagsavisen.no/kultur/2004/01/774759.shtml">Dagsavisen</a>.

I Europa har det sidan 1998 eksistert ein konvensjon til vern av Europas mindre brukte språk, Det europeiske språkcharteret. 30 land har underskrive charteret, det vil seia at dei har slutta seg til føremålet. Av dei har så langt 17 land ratifisert charteret, altså gjort reglane til ein del av nasjonal lov. Noreg er eitt av desse 17 landa. Charteret gjeld først og framst minoritetsspråk som har vore i historisk bruk i landet, men kan også omfatta nasjonale språk. Finland har ratifisert for svensk, og Sveits for italiensk og retoromansk, språk med nasjonal status i desse landa.

Charteret har som føremål å ta vare på og fremja det språklege mangfaldet i Europa. Det har såleis eit kulturvernføremål. Dette har brei tilslutning i Europa, og finst i talrike politiske dokument, både frå EU, Europarådet og UNESCO. Noreg har vore aktivt med i å fremja denne politikken internasjonalt, no sist i arbeidet for internasjonalt vern av kulturelt mangfald. Noreg har gjeve uttrykk for at det kulturelle mangfaldet ikkje er ei vare som kan seljast til høgstbydande. Det er ein verdi som det er umåteleg viktig å ta vare på.

Det synest ikkje Byrådet i Oslo. Ønsket om valfritt sidemål i osloskulane er eit åtak på nynorsken. Politikarar i Oslo hevdar det motsette. Det trur ingen på, og det kan dei neppe tru på sjølve ein gong. Det er tragisk å vera vitne til ein så stor mangel på kulturell sjølvkjensle blant dei styrande i hovudstaden. Hovudstaden skulle tvert om vera den arenaen som i første rekkje tok vare på og viste fram landets kulturelle og språklege mangfald. Det er politikken i hovudstader i mange andre land i Europa. I staden plassere den norske hovudstaden seg på ein språkleg fløy gjennom aktivt å motarbeida det mindre brukte nasjonale språket.

Som deltakar i arbeidet med det europeiske språkcharteret har eg sett korleis mange europeiske land har laga nye lover og endra gjeldande lovgjeving for betre å verna og fremja sine mindre brukte språk, og for å slutta seg til språkcharteret. Somme land har lagt mest vekt på kulturvernet, andre har lagt mest vekt på ytringsfridom og demokratiske omsyn. Alle desse omsyna dreg i same retning.

Noreg kan bli det første landet som vedtar tiltak som aktivt er til skade for det historiske språklege mangfaldet her i landet. Landets hovudstad vil i så fall vera først ute, men kan få følgje av fleire språkdelte byar. Om dei som styrer landets hovudstad ikkje er seg sitt kulturelle og språklege ansvar bevisst, er det enno eit håp at regjeringa er det og at byrådet sitt initiativ ikkje vil føra fram.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no