Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Dårlege kår for nynorsken

 (13.01.2004)

Melding. 13.01.04. Kanskje politikarane i Oslo for skams skuld burde tenkje seg om ein gong til før dei gjer storpolitikk ut av ei slik sak, skriv avisa Valdres. Les heile leiarteigen i <a href="http://www.avisa-valdres.no/vis_sak.asp?refnum=5557">Avisa Valdres</a>.

Heile leiarteigen i Avisa Valdres, 13.01.04:

«Dårlege kår for nynorsken
- Sterke nynorskforkjemparar kallar Oslo-utspelet for feigt og respektlaust i forhold til dei som har dialektbakgrunn.

Det har brote ut språkstrid i Oslo etter at det no er klart at byrådet vil søkje om å få kutte ut nynorsken og sidemålsundervisninga i 22 vidaregåande skuleklassar i hovudstaden. Forslaget er ikkje av ny dato, noko av det aller siste dåverande skulestatsråd Trond Giske gjorde før han gjekk av som statsråd hausten 2001, var å avslå ein søknad frå Oslo kommune om å la elevane i den vidaregåande skulen i byen sleppe nynorskundervisninga og sidemålsstilen ved eksamen. Når Høgre, Fremstegspartiet med støtte frå Arbeidarpartiet no fremjar ny søknad, er det kanskje større sjanse for at etterfylgjaren, statsråd Kristin Clemet, kjem til motsett resultat. Med god erfaring frå lokalt hald veit vi at språksak, i dette høvet for eller imot nynorsk, er kontroversielt.

Argumentasjonen har kanskje ikkje endra seg så mykje dei siste tiåra. Debatten blir gjerne prega av fordomar og kjenslesterke argument. Dette synest å vera tilfellet også denne gongen. Under dekke av eit forsøksprosjekt er det denne gongen stor sjanse for at den vidaregåande skulen i Oslo blir friteken for nynorsk. Det attpåtil ved hjelp av eit breitt og nokså uvanleg politisk fellesskap i ei så særeigen sak.

Forstår vi argumentasjonen som blir ført til torgs denne gongen, er hovudproblemet at Oslo-elevane gjennom nynorskundervisninga blir utsett for noko destruktivt som dei ikkje har bruk for. Det blir å stille saka på hovudet. På denne måten vil framtidige elevar i den vidaregåande skulen i Oslo koma dårlegare ut enn andre elevar ved at dei lærer mindre nynorsk.

I dei fleste relasjonar elles i livet vil alle måtte rekne med å forhalde seg til båe målformene. Ikkje minst er fleire av våre fremste litterære storleikar, som blir mykje nytta innan skulen, nynorskforfattarar. Hovudpoenget må vera at dess meir språk ein kan, dess betre utgangspunkt har også dagens unge når dei seinare skal ut i yrkeslivet og samfunnslivet. Ei erfaring skulefolk også stadig gjer, er at skuleelevar flest totalt blir betre i norsk om dei praktiserer båe målformene. Mellom anna skuldast dette at det nynorske språket ikkje er fullt så klisjéprega og internasjonalisert som mykje av bokmålet no byrjar å bli. Det krev meir arbeid og meir nøyaktig ordval for den som skal skrive god nynorsk - og det fordrar altså totalt at elevane må jobbe meir med språket for å takle det. Då kan ein spørja seg om det er tenleg at Oslo-elevane i framtida blir dårlegare i norsk språk enn elevar flest.

Sterke nynorskforkjemparar kallar Oslo-utspelet for feigt og respektlaust i forhold til dei som har dialektbakgrunn. På sikt vil eit vedtak om å kutte ut nynorsken i den vidaregåande skulen undergrave nynorskens stilling over det heile. Det er lett å sjå for seg at andre byar og tettstrok kjem etter med sine forsøkssøknader. Respektlaust er også slike forslag mot dei som bur i Oslo, i stor grad folk frå andre kantar av landet. Ikkje utan grunn blir Oslo kalla den største bygda i Norge. Og korleis skulle det gå om skulen skulle kutte ut alle upopulære fag? Kanskje politikarane i Oslo for skams skuld burde tenkje seg om ein gong til før dei gjer storpolitikk ut av ei slik sak.»

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no