Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Oslo og kampanjen mot nynorsk

 (12.01.2004)

Lesarbrev. 12.01.04. Det har gjennom hausten og vinteren vore ført ein kampanje mot nynorsk i Oslo. No melder Oslo-aviser, med Aftenposten Aften i spissen, at nynorsken visstnok er på veg ut av Oslo-skulen.

Utgangspunktet er at Rune Gerhardsen, gruppeførar for Oslo Arbeidarparti, vil ha vekk nynorsk som sidemål i 22 vidaregåande skular i Oslo. Dette vert tolka som om det er fleirtal i Oslo bystyre for eit framlegg frå Frp-/Høgre-byrådet om sidemålsfritak for bokmålselevar i Oslo. Så lett er det likevel ikkje.


Det er for det fyrste ikkje gjort noko sidemålsvedtak i Oslo Arbeidarparti. Noregs Mållag har fått forsikring frå fraksjonsleiar i utdanningskomiteen og nestleiar i Oslo Arbeidarparti, Nina Bachke, om at saka skal handsamast skikkeleg i partigruppa. At Rune Gerhardsen har sagt tydeleg klårt frå om kva han meiner, vil ikkje automatisk seie at partigruppa vil gjere det same. Då ei tilsvarande sak var oppe i 2000, var partigruppa delt om lag på midten. Vi veit at det finst sidemålstilhengjarar i partigruppa. Det må minnast om at Arbeidarpartiet sentralt har eit klårt standpunkt for sidemål.

Dersom nynorskmotstandarane likevel vinn fram i bystyret til slutt, vil søknaden frå Oslo om sidemålsfritak verte sendt til Læringssenteret. Kva skjer då? Eg minner i den samanhengen om kva statsråd Clemet sa i Stortinget 21. oktober 2003:

«Det tillater også at det gjøres forsøk med sidemål og gjerne med nynorsk, som representanten Sortevik var innom. Men det er ikke en unntaksbestemmelse. Det er en forsøksbestemmelse. Man kan altså ikke bare få unntak fra noe man synes er overflødig, men man kan få lov til å gjøre forsøk med noe for å se om man kan få til en bedre utvikling i faget. Så er avgjørelsesmyndigheten delegert til utdanningsdirektør og Læringssenteret.»

Statsråden seier altså at ein ikkje kan få unntak frå noko som ein meiner er «overflødig». Dermed vil det byrådet planlegg (og det Rune Gerhardsen er sitert på) i prinsippet vere i strid med dei retningslinene statsråden har gjort greie for overfor Stortinget.

Enno er det von om at fornufta vil sigre - at Oslo ikkje skjemmer seg ut med vedtak mot nynorsken, og dermed utdefinerer seg som hovudstad og kulturby. Kva om Oslo Arbeidarparti og resten av bystyret i Oslo heller var med på å styrkje sidemålsundervisninga gjennom nye og spanande forsøk?

Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no