Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Oslo AP og sidemålet - nokre presiseringar

 (08.01.2004)

Melding. 07.01.04. Sjølv om Rune Gerhardsen no vil fjerne sidemålet i Oslo, har ikkje Oslo Arbeidarparti gjort noko vedtak i denne saka enno. Leiaren for utdanningsfraksjonen i Oslo Arbeidarparti, Nina Bachke, seier til Noregs Mållag at ein vil handsame spørsmålet om sidemål grundig. Ei anna sak er det i neste instans ikkje er politisk grunnlag for at Oslo kan få sidemålsfritak.

Det har kome fleire medieoppslag som går ut på at det no visstnok skal vere fleirtal i Oslo bystyre for at Oslo kommune skal søkje om fritak for sidemål i dei vidaregåande skulane i Oslo.

Utgangspunktet er at Rune Gerhardsen har sagt at han vil gå inn for sidemålsfritak (jf. Aftenposten Aften 7. januar 2004).

Her er det på sin plass med presiseringar.

1. Oslo Arbeidarparti har ikkje gjort noko vedtak i spørsmålet om sidemål. Rune Gerhardsen talar på vegner av seg sjølv. Det er klårt at han på den måten gir eit tydeleg signal om kva han meiner. Det kan igjen ha føringar for kva som vil skje i partiet. Men ikkje meir enn det. Oslo Arbeidarparti har overfor Noregs Mållag sagt at saka skal handsamast grundig og skikkeleg i partiet. Det vart seinast gjort 7. januar 2004 av leiar for Oslo Arbeidarparti sin fraksjon i kultur- og utdanningskomiteen, Nina Bachke (også nestleiar i Oslo Arbeidarparti).

Det må her minnast om at Arbeidarpartiet på nasjonalt hald har eit klårt standpunkt for sidemålet, og at Oslo Arbeidarparti ikkje har noko punkt i sitt program som går i motsett lei (der er sidemålssaka ikkje nemnd).

Det er ikkje gitt at Oslo Arbeidarparti vil fylgje framlegget frå FrP- og Høgre-byrådet. (FrP og Høgre har i motsetnad til Arbeidspartiet programfesta at ein vil fjerne sidemålet.)

2. Dersom nynorskmotstandarane likevel vinn fram i bystyret, vil søknaden om sidemålsfritak verte sendt til Læringssenteret. Det vil ikkje vere politisk grunnlag for å gi eit slikt fritak. I den samanhengen høver det å minne om kva statsråd Clemet sa i Stortinget 21. oktober 2003:

"Det tillater også at det gjøres forsøk med sidemål og gjerne med nynorsk, som representanten Sortevik var innom. Men det er ikke en unntaksbestemmelse. Det er en forsøksbestemmelse. Man kan altså ikke bare få unntak fra noe man synes er overflødig, men man kan få lov til å gjøre forsøk med noe for å se om man kan få til en bedre utvikling i faget. Så er avgjørelsesmyndigheten delegert til utdanningsdirektør og Læringssenteret."

Statsråden seier altså at ein ikkje kan få unntak frå noko som ein meiner er "overflødig". Dermed vil det byrådet planlegg (og det Rune Gerhardsen er sitert på) i prinsippet vere i strid med dei retningslinene statsråden har gjort greie for overfor Stortinget.

3. Det som vil skje framover i Oslo, er:
- Byrådet vil kome med framlegg til bystyret om sidemålsfritak.
- Utdanningsfraksjonane i dei ulike partia vil handsame saka.
- Saka vil kome fram i dei ulike partigruppene. (Arbeidarpartiet har som nemnt sagt at ein legg opp til å gi ei brei og grundig handsaming av dette i bystyregruppa.)
- Dinest vil saka kome opp i utdanningskomiteen, truleg 3. mars.
- Så vil der vere eit bystyremøte 17. mars der saka vil verte handsama.

Slik er framdrifta dersom det går etter den raskaste måten. Men utdanningskomiteen kan òg kome med andre løysingsframlegg som krev ei lengre handsamingstid.

Endre Brunstad
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no