Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Kristin Clemet må avvisa sidemålsfritak!

 (07.01.2004)

Pressemelding frå Norsk Målungdom. 07.01.04 Norsk Målungdom er overraska over Rune Gerhardsen, Arbeiderpartiet sin gruppeleiar i bystyret i Oslo. Han seier i dag til Aftenposten Aften at han ynskjer å stø framlegget om å fjerna skriftleg sidemålsundervising i Oslo-skulen. Sjølv om Gerhardsen har teke dette standpunktet vonar Norsk Målungdom at Oslo Arbeiderparti vil røysta mot framlegget.
- Så seint som i desember 2001 slo utdaningsminister Kristin Clemet fast at det ikkje er aktuelt med forsøk som utelèt sidemålet. Difor er det underleg at skulebyråden ynskjer å senda ein ny søknad om fritak frå skriftleg sidemålsundervising, seier Unn C. Fyllingsnes, leiar i Norsk Målungdom.

Byråden og Gerhardsen hevdar at fritak frå skriftleg nynorskundervising vil styrkja anna norskopplæring. Det finst ingen vitskaplege grunnlag for å hevda dette. Tvert imot er røynslene til so vel elevane i Oslo som elevar i andre byar at dei knappast får noka nynorskundervising i det heile slik det er i dag.

I staden for å fjerna nynorsken frå Osloskulen slik byråden og Gerhardsen ynskjer bør ein styrkja undervisinga i nynorsk slik til dømes Holmlia skole gjer i Oslo.

Me vonar at politikarane i Oslo set i verk tiltak som styrkjer norskfaget. Det gjer ein ikkje ved å fjerna sidemålet, seier Unn C. Fyllingsnes.

For meir informasjon, kontakt Unn C. Fyllingsnes, leiar i Norsk Målungdom, tlf. 2247 7116, mobil 9797 1211.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no