Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. JUNI 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Domen mot Målungdomen

 (19.12.2003)

Melding frå Noregs Mållag. 19.12.03. Så har domen falle. 17. desember 2003 vart dei seks tidlegare tillitsvalde i Norsk Målungdom dømde til fengselsstraff.

Tre av dei seks skal sone seks månader utan vilkår, to skal sone fire månader utan vilkår, medan den siste skal sone fire månader, av desse 30 dagar på vilkår. I tillegg har organisasjonen Norsk Målungdom fått ein tilbakebetalingsdom på 2, 88 millionar kroner og ei bot på 100 000 kroner.

Domen er er enno ikkje rettskraftig, av di både dei dømde og påtalemakta har bede om områdingstid. Sjølve skuldspørsmålet er likevel klårt, og dei dømde har òg vedgått skuld.

Noregs Mållag ser alvorleg på denne saka. Norsk Målungdom har gitt opp for høge medlemstal til staten, og på den måten fått pengar som organisasjonen ikkje hadde krav på. Overrapporteringa av medlemer har vore systematisk, og gått føre seg gjennom fleire år. Det har òg kome fram at det i leiinga av Målungdomen har vore eit press som dei dømde har kjent seg bunde av. Det gjer saka særleg alvorleg.

Det må understrekast at dei som no har fått dom, ikkje har hatt personleg vinst av medlemsfusket. Alt dei har gjort, har vore til fordel for Målungdomen. Vi skal òg hugse på at når dei seks har sona straffa si, har dei òg gjort opp for seg. Vi skal vidare hugse på at det er eit fåtal som har hatt kjennskap til medlemsfusket. Alle andre som har vore aktive for nynorsk i Målungdomen, har ingenting med denne saka å gjere.

Som kjent er Norsk Målungdom og Noregs Mållag to sjølvstendige organisasjonar, og Noregs Mållag har ikkje vore involvert i rettssaka. Når Noregs Mållag no likevel tek ansvar for å fylgje opp Norsk Målungdom, er det for det fyrste av di vi er interessert i alt nynorskarbeid for ungdom, og av di Norsk Målungdom gjennom samarbeidsavtalen har status som ungdomsorganisasjonen til Noregs Mållag.

Dei som i dag er aktive i Norsk Målungdom, kan ikkje koplast til medlemsfusket. Leiinga i Målungdomen har då òg handtert saka på ein måte Noregs Mållag er nøgd med. Dei har teke klårt avstand frå medlemsfusk. Saka har reint allment hatt det gode ved seg at systemet med overrapportering av medlemer har kome fram, og vorte stoppa. Mediemerksemda, etterforskinga og rettssaka har skapt ein prosess som har fungert reinsande for organisasjonen.

Noregs Mållag har fått tilgang til medlemslistene åt Målungdomen, og fullmaktsnemnda kan sjekke desse i høve til kvitteringar for medlemskap.

No er vi interesserte i at Norsk Målungdom gjer opp for seg økonomisk, og kjem seg vidare. Noregs Mållag vonar Målungdomen kan få ei tilbakebetalingsordning overfor Barne- og familiedepartementet, slik andre ungdomsorganisasjonar som er dømde for medlemsfusk har fått. Norsk Målungdom tilfredsstilte krava for statsstøtte i 2002 og det viser seg no at organisasjonen vil gjere det same for 2003.

Noregs Mållag har heile tida hatt respekt for at denne saka skal handsamast av rettssystemet. Det som så Mållaget som organisasjon vil sjå nærmare på i tida framover, er om overrapportering av medlemer frå Norsk Målungdom kan ha hatt konsekvensar for politiske vedtak på landsmøtet åt Noregs Mållag (gjennom for stor representasjon frå Målungdomen). Noregs Mållag vil fram til landsmøtet i april 2004 granske om det kan ha vore tilfellet. Vi har alt gått gjennom nokre saker, og kan mellom anna seie at NMU-representasjonen ikkje var utslagsgivande for leiarvalet i 1999.

Aktivistane i Norsk Målungdom har gjort og gjer eit viktig arbeid for nynorsken blant ungdom. No fortener dei støtte frå gode målfolk.

Endre Brunstad
Leiar i Noregs Mållag

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no