Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. JUNI 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Oslo Høgre og kampen mot sidemålet

 (19.12.2003)

Melding. 19.12.03. Kanskje den «dritt lei» Groth kunne hatt nytte av kontakt med Noregs Mållag?, skriv Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag. Han svarar på eit innlegg frå nestleiaren i Oslo Høgre, Lars Groth, nestleiar i Oslo Høgre, i Nationen 11. desember.

På 1970- og 1980-talet framstod Høgre som eit liberalkonservativt folkeparti med brei apppell. På denne tida fekk òg Høgre feste i nye grupper. Også mange nynorskingar kjende seg heime i Bunads-Høgre. Rett nok prøvde Unge Høgre på 1980-talet seg med framlegg om å fjerne sidemålet, men slike framlegg vart kontant avviste på landsmøta til Høgre. Kåre Willoch sa med rette på landsmøtet i 1985 at eit fritak for sidemål ville «ramme Høyres troverdighet».

Seinare er dei populistiske skuleelevane frå Unge Høgre vortne vaksne, og fått posisjonar i moderpartiet. Det har fått konsekvensar for sidemålspolitikken. I 1997 gjekk Høgre-landsmøtet inn for å avskaffe obligatorisk sidemål.

Det er særleg i Oslo sidemålsvedtaket har fått konsekvensar. Under valkampen i 2003 kunne VG melde om at «glad Lae vil fjerne nynorsken». Oslo Høgre har seinare kunngjort at ein vil prøve å få byrådet i Oslo til å søkje staten om fritak for sidemål i den vidaregåande skulen i Oslo.

I Nationen 11. desember har nestleiaren i Oslo Høgre, Lars Groth, eit innlegg der han vil gjere greie for kvifor han ikkje likar sidemålet. Der får vi reine ord for pengane. Groth presiserer at han er «drittlei» nynorsk. Ja, ikkje berre nynorsken, men òg brukarane. Groth skriv: «Vi blir i løpet av årene med dette strevet rett og slett dritt lei nynorsk og alt og alle som er forbundet med det».

Groth driv samtidig omgreps-manipulering. Han påstår at Høgre eigentleg ikkje vil fjerne sidemålet, ein vil berre gjere emnet munnleg. Problemet for Groth er berre at nemningane hovudmål og sidemål refererer til skriftspråk, og at hovudpoenget med sidemålsundervisninga har vore at elevane skal kunne å skrive på skriftspråka. Det var òg utgangspunktet for at sidemålsstilen vart lovfesta i 1907. Å lese tekstar i sidemålet er bra, men det kunne elevane gjere òg før lovfestinga i 1907.

Lars Groth har som argument at sidemålsstilen gjer Oslo-elevar negative til nynorsk: Hadde ein berre sluppe sidemålsstilen, ville alle ha vorte meir positive til nynorsken, meiner han. Kva grunnlag har så Groth for påstanden sin? Ingen ting tyder på at folk i Oslo var meir positive til nynorsken før sidemålet vart innført. Tvert om var motstanden mot nynorsken krassare og endå meir vulgær i perioden før 1907 (då ein hadde «munnleg sidemålsundervisning» gjennom lesing av nynorske tekstar). Der er i dag ei heilt anna og meir positiv haldning til nynorsk. Haldningsskiftet kjem til uttrykk mellom anna ved at alle Oslo-avisene tykte Oslo Byes Vel hadde dumma seg ut då det nekta Det Norske Teatret eit skilt på nynorsk. Ville det haldningsskiftet ha vore der utan sidemålsstilen?

Når Groth skriv at Oslo-elevar er så negative til sidemål, byggjer han på ei gransking av professor Kjell Lars Berge. Hadde Groth teke seg tid til å lese neste spørsmål i den same granskinga, ville han ha sett at 70 prosent av elevane såg på spørsmålet om sidemål som lite viktig. Den svarprosenten er interessant, for han tyder på at haldningane til sidemål eigentleg ikkje stikk så djupt. Ei rimeleg tolking av forskingsresultatet vil vere denne: I den grad spørsmålet om sidemål er diskutert, vidareformidlar elevane berre dei meiningane som lærarar og politikarar a la Groth formidlar. Det tyder igjen på at det er mogleg å endre på haldningane til sidemål i positiv lei. Difor har Noregs Mållag forsøkt å stimulere til nytenking kring måten sidemålet skal formidlast på.

Spørsmålet om sidemål er kulturpolitisk. Det dreier seg for det fyrste om jamstelling mellom dei to offisielle skriftspråka. Skal jamstellinga vere reell, må kunnskapen om skriftspråka vere allmenn. Eit anna moment er dei nasjonalkulturelle verdiane som sidemålet representerer. Nynorsk og bokmål er noko ein ganske enkelt skal kunne, ut frå visse verdiar og mål for samfunnsutviklinga, på same måten som ein skal kunne noko om 1814, 1905 og andre verdskrigen. Denne kunnskapen er ikkje alltid økonomisk «nyttig». Men samfunnet skal no ein gong styrast etter visse andre mål enn ein pølsefabrikk.

Eit tredje moment ved sidemålet er at kunnskap om nynorsk og bokmål til saman er med på å gi meir kunnskap om norsk språk. Høgre snakka ein gong om «kunnskapsskulen». Tydelegvis er det ikkje Oslo Høgre som skal stå for den skulen.

Groth bruker mykje energi å rakke ned på Noregs Mållag. Kanskje den «dritt lei» Groth kunne hatt nytte av kontakt med Noregs Mållag? Noregs Mållag har mange framlegg til tiltak for å styrkje norsk skriftkultur, og står for fleire aktivitetar, mellom anna norskkurs for pedagogisk personell i barnehagen (Pirion-kurs) og bokkveldar for born. Slike aktivitetar er med på å skape positiv interesse for norsk språk og litteratur. Ein skulle tru at ansvarlege politikarar ville setje pris på slikt.

Endre Brunstad
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no