Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. AUGUST 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Gjest nr 75 000 i Ivar Aasen-tunet!

 (19.12.2003)

Melding. 19.12.03. Gjest nr 75 000 har vitja Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda.

Det var Grete Hallaråker, som var gjest på eit lukka arrangement i kafeen. Det runde talet vart markert av Nynorsk kultursentrum med ei enkel helsing og overrekking av Hulda-kokeboka.

Sidan opninga av Aasen-tunet sommaren 2000 har årleg besøk vore mellom 18 000 og 19 000. Inkludert i dette talet er gjester både i dei faste utstillingane, på kulturarrangementa og på lukka arrangement.

Direktør Ottar Grepstad seier seg godt nøgd med at Aasen-tunet har halde det samla besøket på eit stabilt og godt nivå også etter opningsåret. Nynorsk kultursentrum har altså greidd å unngå den store nedturen som så mange andre nyopna institusjonar opplever etter at den første nyfikna har lagt seg.

Vil du ta deg ein tur til Hovdebygda du også? Bli inspirert hjå <a href="http://www.aasentunet.no">www-aasentunet.no</a>.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no