Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 6. DESEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorskkommunar uroa over portosatsane

 (18.12.2003)

Melding. 18.12.03. Styret i Landssamanslutninga av nynorskkommunar, LNK, er uroa over den kraftige auken i avisporto i 2004 og den vidare varsla portoauken for 2005 og 2006. Dei ber staten finna løysingar for lokalavisene som kan få problem som følgje av auka porto.

Det er spesielt avisene LNK har i tankane. Dei fryktar at portoauken vil føra til store vanskar for mange aviser, spesielt lokalavisene som er avhengige av posten.
– Lokalavisene har ein svært viktig funksjon, både som informasjonskanal, forum for lokal debatt om aktuelle saker og ikkje minst når det gjeld synleggjering av lokal kultur, seier styreleiar i LNK, Jan Magne Dahle, i ei pressemelding.
Han peikar i tillegg på at dei lokale fådagarsavisene representerer fleirtalet av avisene som er redigerte på nynorsk.
– Lokalavisene er ein av dei viktigaste arenaene for nynorsk som bruksspråk i kvardagen, hevdar Dahle.
LNK meiner at staten, gjennom sitt eigarskap i Posten eller på andre måtar, må ta eit kulturansvar.
– Staten må gripa inn dersom lokalaviser må leggja ned på grunn av at eit statleg selskap har fått auka krav til lønsemd, meiner Dahle.
LNK vil derfor be Stortinget som har det overordna ansvaret, Kulturdepartementet som ansvarlege for mediepolitikken, og Samferdsledepartementet, som er den formelle eigaren av Posten Norge AS, om å finna løysingar som hindrar at lokalavisene blir svekte og går inn på grunn av kraftig auke i portoen. (NPK)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no